torsdag 4. august 2011

at last

..så avslutta eg heile greia. smigrande at folk faktisk sjekkar for innlegg enno, sjølv om eg ikkje fattar kvifor nokon gadd frå starten av, hoho. det er forresten ufatteleg at eg har vore heime i sånn sju veker allereie. verkar mykje mindre, samtidig som heile året verkar som ein fjern draum.

iløpet av eit år har eg ledd, grine (om det eingong er eit ord. herlighet, synes allereie synd i stakkaren av ein lærar som må korrigere alle dei nyanskaffa rettskrivingsfeilane mine...), bytta familie, kasta vekk tid på grusom matte, funne ut kva eg vil vidare, gjort meg sjølv blakk og pappa oppgitt, møtt både beundringsverdige og litt mindre beundringsverdige folk, og mest av alt lært massemasse om meg sjølv, noko som var hovudpoenget bak heile året. eg vart tvungen til å bli sjølvstendig, noko eg hadde enormt godt av.

kan ikkje anna enn å smile når eg kjem over bloggane til det kommande årets studentar. dåke har JAMMEN mykje framfor dåke. gjer det meste utav det minste, ikkje tenk for mykje på alt heime for der endrar ingenting seg (iallfall ikkje om du kjem frå vesle vestlandet) og ikkje ta noko for gitt. før du veit ordet av det sit du på slutten av siste eksamenen og lurer på kor tida gjekk.

trur eg sparar meg sjølv for meir flauheit, og set streken der. ingen meir halvhjarta skriving frå mi side, med mindre eg i juni endrar bloggnamn til "interrail, baby" og finn ut at ein månads togtur gjennom europa er verdt å dokumentere. hahahh, håpar for alle sin del at eg slår den ideen ifrå meg. takk for alle oppmuntrande ord (sjølv om dåke saug på slutten omg, hahahah).

suss.

heilt til slutt må eg berre sei kvil i fred, hanne kristine. håpar du har det betre der du er no, vit at vi alle tenkjer på deg.