fredag 27. mai 2011

eg møtte på ein nordmann!

..eller nordkvinne om eg ska vere feministisk. va heilt sjukt random, var inne på eit piercing/tattoveringsstudio, og måtte stave navnet mitt så ho kunne skrive det ned pga ein avtale, så tok eg tilfeldig viss opp mobilen min, så ho såg skjermen min og ho berre "e du norsk?" hahahahha, eg klarte såvidt å svare ja, blei så overraska! veldig morsomt, men veldig rart. ein mista litt munn og mæle i sånne situasjona, iallfall eg :-)

torsdag 26. mai 2011

check this out

fekk det her i posten idag, som seie at eg har fullført eit år her borte, herregud så fort det har gått!

eg e ferdig med 5 av 6 eksamenar, etter å ha hatt både matte og biologi idag. feira med macdonalds, paradise hotel og kino, haha. sinnsjukt herlig å vere ferdig med (nesten) alt, føle meg fleire tonn lettare.
her borte har vi ferie neste veke, og derfor reise vi til skottland på laurdag, vertsmor e jo derifra. blir bra å sjå eit nytt land!
om berre 19 daga e eg heime, hjeeeelpes.

mandag 16. mai 2011

to ting eg syns er morsomme nett no

1. det faktum at lærarar her borte rewarda elevar som hundar. her ein dagen fekk eg til dømes eit creme egg (altfor søt sjokolade) som belønning for at eg gjorde ein god innsats i engelsktimen. ein vert meir vandt til det, men det vil alltid vere merkeleg. å gjere så forskjell på elevar i klasserommet!? kan ikkje forestille meg det skje heime.
2. å komme over bloggane til neste års utvekslingselevar. det er så rart å tenke tilbake på at for under eit år sidan var eg i deira uvitande og forventningsfulle sko, og visste så lite om kva som ville skje i månadane som fylgde etter.



ein ting til som forresten burde vore morsomt, men som berre er trist er at vi har fått starbucks her i northampton. den saug. mocca frappuchinoen deira va ekkeeeel. (ikkje den på bilde, alså. den va okei)


det är så det ska vara

eg bite negle, sukka og ser bort på mattebøkene mine som ligg åpne. bite litt meir negle, får munnen full av glitterneglelakk, og sukkar på ny.
det er sjølvaste nasjonaldagen heime om berre nokre timar, og her sit eg, hundrevis av mil vekke - lei av det meste.
lei av matte. lei alle eksamenane mine før eg har hatt dei. lei av at siste tida her berre er nedteljing, og at eg tek meg sjølv i å vente. lei av ekkel luft og eksos. lei av å vere lei.
eg er trøtt og sliten no, og vil berre at tida skal fly endå fortare. ikkje misforstå - eg har det upåklageleg her, og ingenting er gale. det er berre denne siste tida som verkar så endelaus. så godt som fullført, og ein berre sit og veit kva ein har i vente.
nett no skulle eg ønske at det var idag eg var ferdig med siste eksamen, og at mamma, sofie og tormod kom hit på denne onsdagen. men det er mandag om tre veker. eg veit at tida vil renne vekk så fort eg gjer slepp på tanken, men inntil vidare slepp eg heller fleire sukk, og sutrar over at eg ikkje er heime på sjølvaste 17.mai.

la gå, spara berre endå meir grunnlovsdag til neste år. go russ 2012!

søndag 8. mai 2011

eg, myndig? hahahh





ettersom eg ikkje har skrive på over ein månad, har både eitt og anna skjedd sidan sist. eg har blandt (heite da blandt eller blant?) anna hatt tidenes lengste påskeferie i tillegg til å fylle atten år. konkludera med at alder faktisk berre er eit tal, fordi eg føle meg jaggu ikkje så gammal som passet mitt no vise.

å bli atten var forresten ikkje så gale som eg først frykta. eg forventa å finne meg sjølv liggande å hylgrine i fosterstilling kvelden før, men heldigvis for naboane (og sjølvfølelsen min) hamna eg ikkje opp hulkande som eit forlatt dyr.

som ein kan sjå på bileta over, mangla det ikkje på dekorasjonar når ein fyller år her borte. i tillegg til bordpynt og banner var kjøkkenet dekorert med bamse og ballongar all over. som om det ikkje var nok, var matpakka mi den dagen overlessa med små greie (paljetta eller nåke) med min nye alder på. som toppen av kaka fekk eg eit sånt badge som sa "18 today" som vertsmor forsøkte å tvinge på meg på skulen. ho mislukkast heldigvis, hahaha.

nett no kom eg forresten att frå kino. såg thor i 3D. må sei han ikkje akkurat var ill å sjå på, heee-he. uten å bli for wannabe-filmkritikar kan eg sei så mykje som at filmen i seg sjølv var litt halvveis bra, men om ein delar tankegang med meg (så lenge det er heite menn på lerretet funkar alt), så var den absolutt dugande.

merkar særs godt at den siste tida verkeleg flyg av garde, spesielt når mykje av den går med til øving til eksamenar. eg har heile seks stykker, kor halvparten av dei er matte. JIHA! det er berre rundt fem veker att før eg returnerar til norge no, noko eg trur vil bli veldig bittersøtt. før den tid har eg forresten enda ein ferie, hehehhe (rekna med du smilte godt når du las det, MARITA!)

føle eg herved har gjort opp for fråveret mitt, og legg oppgåva over i hendene på dåke som lese. eg veit dåke fins der ute (med mindre det sit ein galning og besøkar sida mi fleire titals gongar dagleg, haha), så vis det! om ikkje snakkar vi fleirfoldinge månadar før eg delar det interessante livet mitt med dåke att :)))))))))

northamptonshire på sitt flottaste