lørdag 26. februar 2011

HERREGUUUUUUUD

idag såg eg sånn ut.
okei. her e meg og falske johnny depp..idag fann eg ut at den EKTE bur her i northamptonshire einlanna plass................... OMG. ungane hans går på einlanna skule her! eg skal så ha som mål å finne han før eg flytta herifrå. hallo, han e johnny depp liksom. trur eg dør. woow.

tirsdag 22. februar 2011

eastbourne

laurdag morgon vakna eg 8 minutt før togavgang, men kom meg likevel til london euston. hadde nokre særs intime minutt med ein gjeng godt vaksne amerikanske menn på tuben (som var hinsides fullpakka), også akkompagnert av nokre superbritiske kronidiota som sang forballsanga så det kosta etter. kom meg omsider til victoria, gjekk innpå feil tog, forsto at det var feil tog, og karra meg tilslutt innpå det som gjekk til eastbourne.

gina og meg ved haveeeeet!






stikke oppatt til london imåra for å møte helgaaaaaa. gleda meg masse!

torsdag 17. februar 2011

revolusjona på rekke og rad

idag etter andre matpausen, sat eg og nanna att i kantina - og kantinedama kom og FORA oss med kjeks og kvitløksbrød (måtte takke nei til pizzaen, ville ikkje vere for grådig, haha).

idag hadde vi om intervjuteknikkar på skulen, og måtte praktisere det ved å bli intervjua av suksessfulle folk fra bedrifte rundt omkring. DØDSSKUMMELT, men eg sjarmerte begge fyrane som intervjua meg, sjøl om eg nesten satt meg fast på spørsmålet "om du var eit dyr, kass dyr hadde det vore - og kvifor?" HERREGUD, eg svarte katt og trudde det va smart, fordi eg kunne sei at eg va sjølvstendig og min eigen herre og sånn, og han mannen berre "hmm, interesting" så sa han at katta og likte å bli mata, og då angra eg plutseli på valget mitt fordi da hørtes med ein gang mindre kult ut. okei, det va berre rart, men drit i det. heile greia va iallfall dødsbra, og eg blei skikkeli sjølsikker av det med tanke på framtidige jobbintervju. her på skulen e det veldig fokus på at ein MÅ vere best og at ein MÅ skille seg ut, fordi jobbmarknaden vi blir kasta ut på er den hardaste som nokon gong har vore.

idag va eg skikkeli nøgd, fordi vi rakk 9A-bussen etter skulen, som nesten var tom (om det e nåke eg virkelig hata meir enn alt anna e det fulle bussa), HEILT TIL busstoppet utanfor den gedigne bingo-greia. seriøst, skulle tatt bilde. tretti/30/dreißig/tre-null GAMLE DAME skulle heim fra dagens bingo. dødde litt inni meg. dei tok opp absolutt heile bussen - og vi som var på den vart pressa saman i bakenden. første gang eg har sett så mange bestemødre, lova å ta bilde neste gang det skjer. dei tar visst den bussen kvar onsdag, torsdag og fredag. heheeeh, can't wait until next time!

idag var også første dagen der eg og anna ikkje va vertssøstre. ho flytta inn i den nye familien sin igårkveld, og eg skal inrømme at eg var litt sjalu og litt langt nede fordi ef mista litt av tilliten min for kvar dag som går angåande det å finne ny familie. men når alt kjem til alt har eg det trygt og godt her hos nanna enn så lenge, så fann ut at det var best å ikkje klage for høgt.

idag drakk eg te. eg lika det faktisk, nåke eg aldri hadde trudd ville skje. største revolusjonen av alt, mum be proud! pluss at eg har hol i nasa (ikkje at du ser det her, høhø. eller jo såvidt) skjedde ein laurdag eg va skikkeli spontan og berre gjekk inn på pulse og lot ein NYBEGYNNAR-piercingdame stikke ei nål rett gjennom nasa mi! veit at min kjære far der heime ikkje e direkte "proud" over den pierca nasa mi - iogmed at han nekta å gifte seg med mamma inntil ho tok den ut, men la gå.

idag var det også siste skuledagen før winter break, så no har eg ferie. vi har faktisk ferie heile tida her borte, nåke eg veit irritera ei viss venninne der heime ganske masse, hihi:-* når vi starta på skulen att er det berre ein dag att av februar, nåke som vil sei at attenårsdagen min og heimreisedatoen nærma seg relativt kjapt. faktisk skikkelig skummelt begge dela (spesielt det å bli atten, herregud).

idag var egentleg ganske bra. det her e forresten innlegg nummer femti. gratulere til dei få som har karra seg gjennom alt det ubruklege våset mitt, e på grensa til beundringsverdig!

søndag 13. februar 2011

min mamma

min mamma er ho som alltid hadde raudt hår og sjølvteiken nasepiercing.

min mamma er ho som køyrer så fort at vennane mine held seg fast når dei må sitte på med ho. min mamma er ho som dansar ustoppeleg over heile kjøkkenet kvar gang ein song frå åttitalet kjem på radioen. min mamma er ho som alltid kyssa på dei furtne ungane sine til smilet kom attende.

min mamma er ho som syng for fullt til mika i bilen, og skrattler om ein vert flau over det. min mamma elskar alt av krimseriar, sjølv om ho er så pysete at ho spring ut på kjøkkenet kvar gang nokon vert myrda. min mamma er ho som ikkje klarar seg ein dag utan minst fire koppar te. min mamma er ho som gret like lett av glede, som av triste ting.

min mamma er ho som ville ha ein unge til, berre for å vise at hennar born også kunne komme velstelte på fødeavdelinga (etter at pappa tok med meg og bror min i fillete klær, fulle i jordbær for å helse på den nye systa vår). min mamma er ho som liksågodt fekk fire born på seks år. min mamma er ho som åpna heimen sin og vart vertsmor, og har tjue søner og døtre frå heile verda i tillegg til sine eigne.

min mamma er ho som både ler høgst, og brølar høgst. min mamma er hovudsakleg grunnen til at eg reiste på utvekslingsår. min mamma er ho som slår på dataen seint på kvelden, berre for nokre få ord med dottra si på andre sida av europa. min mamma er ein av dei sterkaste og mest inspirerande personane eg veit om.

Nynorsk-hatarar

Fann ein tekst eg skreiv for nokre år sidan, og klarte ikkje la den ligge. Haha.


Er det noko som verkeleg provoserar meg, er det folk som påstår dei hatar nynorsk. Frå tid til anna snublar eg over grupper med dette synet, til dømes på Facebook. Sjølv om det i si heilheit er rimeleg provoserande, kan eg ikkje anna enn å flire når eg les dei useriøse, bitre og mest av alt sytete innlegga deira. For all del – mange av dei har så seriøse skrivefeil at eg forstår kvifor dei vender kinnet åt når dei høyrer snakk om nynorsk. Stakkarane slit jo med å fungere i det norske samfunnet grunna enorm mangel innan språkferdigheiter. Nesten synd i dei.


Men det er fleire enn slike analfabetar i desse gruppene. Ein skal ikkje leite lenge før ein finn drøssevis med furtne drittungar som ikkje har betre å ta seg til enn å rakke ned på nynorsk, og klage dramatisk over at den i heile tatt eksisterar. Desse utgjer dei mest patetiske folka i slike grupper. Du skal leite lenge før du finn ein austlending i skulealder som ikkje syt og brælar over at han eller ho må gjennomgå tentamen i nynorsk, og heile gjengen klagar som besatte for å sjå om sutringa deira fjernar skriftspråket frå skulesystemet.


Eg må berre seie ein ting; hadde eg vorte gitt makta til grunnleggaren av Facebook, Mark Zuckerberg, hadde eg kasta alle desse overhormonelle sutrekoppane på rumpa utav heile nettsamfunnet. Med tanke på at dei faktisk utgjer storparten av innbyggjartalet i landet, med ein gjennomsnittleg IQ på nivå med George W. Bush, vil eg seie at Noreg bevegar seg ut på tynn is.


Misforstå meg rett, eg har ikkje noko imot slike personar - dei har fått meg til å le høglydt ved fleire høve. Det eg har noko imot, er dei usedvanleg ynkelege argumenta deira og den uslege måten dei framstiller seg sjølv på. For all del, eg har fleire nære bekjente som nyttar bokmål, og eg gjentek meg sjølv – eg har ikkje noko imot «bokmålsfolk» generelt. Eg tykkjer dei er framragande, feiande og flotte folk (igjen, generelt), om ein ser vekk frå slike vesen som melder seg inn i hat-grupper mot nynorsk. Eg skal la vere å spørre om dei ikkje har betre ting og ta seg til, sidan eg sjølv sit her og legg trykk på mi personlege meining om saka, men det er lov å spekulere. Har kvar og ein av desse vorte mista med hovudet fyrst på hardt golv som spedborn? Kan det kallast ein medfødd feil? Eg berre spør.


Eg reknar med å få ymse tilbakemeldingar på denne ytringa mi. Alt ifrå «heregud, va feiler det degg?» til milde formar for drapstruslar og liknande koselege saker. Men eg skal reagere på desse slik eg reagerer på innlegga til medlemmane i hat-gruppene på Facebook. Eg skal flire hånleg, og spreie denne teksten til endå fleire slike grupper.


Før eg avsluttar vil eg klargjere to ting:

  1. Vestlendingar (ta bergensarar til dømes) som ter seg som stokk dumme austlendigar som på liv og daud vil utrydde nynorsk; Eg har eitt ord til dykk; Judas!

  2. Irriterande bokmålselevar som burde konsentere seg om skulearbeid i staden for å hate nynorsk så inderleg, og bannlyse den for at den trekk ned det allereie middemådige karaktersnittet dykkar; som nynorskelevar går vi gjennom det samme som de. Vi har tentamen i vårt sidemål – altså bokmål. Klagar vi? Nei. Eg gjekk ut med toppkarakter i sidemål frå ungdomsskulen - hadde de brukt brøkdelen av tida de kastar vekk på å ergre dykk over nynorsk på å faktisk lære den, hadde det kanskje (berre kanskje) vore eit realistisk karakternivå for dykk også.



onsdag 9. februar 2011

kort fortalt (okei.. det vart langt, men eg prøvde iallfall!)

sjølv om det ikkje er for lenge sida eg oppdaterte, har det skjedd ein god del frå sist gong av og til no. eg skal prøve å summere det opp kort, men kor bra det går veit eg ikkje.

det heile starta med at vi kom att etter jul, og ettersom dagane vart til veker, gjekk det meir og meir opp for meg og vertssøstra mi at familien vi budde hos trakk ned på heile året. eit utvekslingsår er ein unik moglegheit som ikkje alle får sjansen til å oppleve, og difor har vi begge lyst til å kunne sjå attende på det her som noko bra. sånn som situasjonen var der og då, var det berre eit problem - familien.

på grunnlag av dette kontakta vi leiinga av ef her i england, og toppsjefen starta så smått og leite etter andre familiar i nærleiken som vi kunne bu hos. det tok over ein månad før noko som helst skjedde, men så vart det litt meir fart på sakene. no måndag medan vi var på skulen kom vår kjære miss horne bort og sa at han mannen frå ef hadde kontakta familie av vertsforeldra våre. det var frå då av at ting verkeleg utvikla seg. det ingen visste var at mannen frå ef ubevisst hadde ringt søstra til vertsmora vår, og ho hadde sjøvsagt slått rett på tråden til søster si.

då vi kom att etter skulen den dagen vart vi bedt om å komme inn på kjøkkenet, og fem minutt etterpå visste vi at vi skulle flytte. med ein gang gjekk vi til romma våre og ringte læraren og foreldre før vi starta å pakke. alt skjedde så brått, og eg kan trygt sei at den dagen var ein av dei verste eg har hatt på enormt lenge. vi ville jo reise, men ikkje på den måten. vertsmora vår var heilt umenneskleg kald då ho gav oss beskjeden, og lot oss ikkje få noko som helst sjanse for å forklare eller diskutere ein einaste ting. det faktum at det var ein av ef sine eigne leiarar som øydela, er både patetisk og trist om einannan.

nett no bur vi hos venninna vår downtown, og nye familiar er fiksa. det skal mannen frå ef ha, sjølv om han rota alt til, så har han gjort sitt for å ordne opp i feilen sin. om alt går etter planen no, flyttar vi til kvar vår familie ein gong i neste veke. eg og anna kjem ikkje til å vere vertssøstre lengre, noko som er litt kjedleg sjølvsagt - men vi kjem derimot til å bu ved sidan av kvarandre, så så gale er det ikkje likevel.

eg skriv ikkje det her for å uroe ef studentar 11/12 (sjølv om dåke må vere klar over at ef er langt ifrå perfekte), eg skriv det slik at alle som les det her får vite alt som har skjedd i det siste. nett no kan eg ikkje anna enn å skrive under på at "what doesn't kill you makes you stronger" stemme til dei grader.

torsdag 3. februar 2011

livsteikn

okei, eg e verkeleg verdas verste på å oppdatere her, men det e så kleeeeeint. heheheeh, uansett. den her veka vart mi kjære vertssøster 18 år! dagane før bursdagen hennar, gjekk eg og flirte og godta meg over av at ho snart var myndig og vaksen og slikt... men når alt kom til alt, sat eg der og sku heller ønske det var min bursdag. ahaha, typisk.

vi lagde iallfall heimelaga pizza for ho, og åt kake og sang og alt det der. visste dåke at her borte har dei SYNGANDE lyshaldara til å ha på bursdagskaka? tidenes minst nyttige oppfinning..

anna posa med pynten. va ikkje anna enn "happy 60th"-bannera i huset, hahahahaa!



før nåken spørr; ja, eg går i morgonkåpe. einaste måten å holde varmen på i dødskalde engelske hus!

hahaa, lika det her. nanna får openberring som det står etteeer!

haha, givande samtale med veslebror tidligare idag


eg fekk eit merkleg innfall for nokre dagar sidan, som førte til at eg måtte sjå american pie-filmane. sikkert fordi eg akkurat såg road trip for 78634. gang der han som spela stifler e (mmm, heeit!) viss du e usikker på om du har sett den filmen eller ikkje, sjå her. tidenes morsommaste klipp. uansett, i'm off to see AP3.

no veit dåke iallfall at eg ikkje har krepert.