torsdag 17. februar 2011

revolusjona på rekke og rad

idag etter andre matpausen, sat eg og nanna att i kantina - og kantinedama kom og FORA oss med kjeks og kvitløksbrød (måtte takke nei til pizzaen, ville ikkje vere for grådig, haha).

idag hadde vi om intervjuteknikkar på skulen, og måtte praktisere det ved å bli intervjua av suksessfulle folk fra bedrifte rundt omkring. DØDSSKUMMELT, men eg sjarmerte begge fyrane som intervjua meg, sjøl om eg nesten satt meg fast på spørsmålet "om du var eit dyr, kass dyr hadde det vore - og kvifor?" HERREGUD, eg svarte katt og trudde det va smart, fordi eg kunne sei at eg va sjølvstendig og min eigen herre og sånn, og han mannen berre "hmm, interesting" så sa han at katta og likte å bli mata, og då angra eg plutseli på valget mitt fordi da hørtes med ein gang mindre kult ut. okei, det va berre rart, men drit i det. heile greia va iallfall dødsbra, og eg blei skikkeli sjølsikker av det med tanke på framtidige jobbintervju. her på skulen e det veldig fokus på at ein MÅ vere best og at ein MÅ skille seg ut, fordi jobbmarknaden vi blir kasta ut på er den hardaste som nokon gong har vore.

idag va eg skikkeli nøgd, fordi vi rakk 9A-bussen etter skulen, som nesten var tom (om det e nåke eg virkelig hata meir enn alt anna e det fulle bussa), HEILT TIL busstoppet utanfor den gedigne bingo-greia. seriøst, skulle tatt bilde. tretti/30/dreißig/tre-null GAMLE DAME skulle heim fra dagens bingo. dødde litt inni meg. dei tok opp absolutt heile bussen - og vi som var på den vart pressa saman i bakenden. første gang eg har sett så mange bestemødre, lova å ta bilde neste gang det skjer. dei tar visst den bussen kvar onsdag, torsdag og fredag. heheeeh, can't wait until next time!

idag var også første dagen der eg og anna ikkje va vertssøstre. ho flytta inn i den nye familien sin igårkveld, og eg skal inrømme at eg var litt sjalu og litt langt nede fordi ef mista litt av tilliten min for kvar dag som går angåande det å finne ny familie. men når alt kjem til alt har eg det trygt og godt her hos nanna enn så lenge, så fann ut at det var best å ikkje klage for høgt.

idag drakk eg te. eg lika det faktisk, nåke eg aldri hadde trudd ville skje. største revolusjonen av alt, mum be proud! pluss at eg har hol i nasa (ikkje at du ser det her, høhø. eller jo såvidt) skjedde ein laurdag eg va skikkeli spontan og berre gjekk inn på pulse og lot ein NYBEGYNNAR-piercingdame stikke ei nål rett gjennom nasa mi! veit at min kjære far der heime ikkje e direkte "proud" over den pierca nasa mi - iogmed at han nekta å gifte seg med mamma inntil ho tok den ut, men la gå.

idag var det også siste skuledagen før winter break, så no har eg ferie. vi har faktisk ferie heile tida her borte, nåke eg veit irritera ei viss venninne der heime ganske masse, hihi:-* når vi starta på skulen att er det berre ein dag att av februar, nåke som vil sei at attenårsdagen min og heimreisedatoen nærma seg relativt kjapt. faktisk skikkelig skummelt begge dela (spesielt det å bli atten, herregud).

idag var egentleg ganske bra. det her e forresten innlegg nummer femti. gratulere til dei få som har karra seg gjennom alt det ubruklege våset mitt, e på grensa til beundringsverdig!

2 kommentarer:

  1. hahahahaa jeg kjenner meg så godt igjen i innlegget ditt! Det med 9A bussen og bingodamene. Hatet dem. Hvor har Anna flyttet? Håper du får en fin familie snart. God vinterferie! (kan ikke vente til å dra til England i morgen! kanskje vi ses!:)

    SvarSlett
  2. Kan ikkje sei anna enn at eg er stolt av deg jento min! Hol i nasa - syns eg jo er fint!!!! Gledar meg til mange fine te-stunder med deg i åra framover :-D

    SvarSlett