søndag 29. august 2010

framme i england!

kor skal eg starte?! eg er tilslutt framme hos vertsfamilien min i duston, etter ei natt på camp med haugevis av andre EF-studentar i winchester. eg og mamma flaug frå førde til gardermoen tidleg igår, og måtte vente mange timar der før flyet til heathrow letta. tungt å sei hade til familien, men så fort det var overstått gjekk det mykje betre. hadde godt selskap, og då går alt lettare:)

no har eg akkurat pakka ut, og det meste er på plass. skal sjå skulen imorgon, og er litt spent. følast ganske uverkeleg at eg skal bu her borte så lenge, men eg håpar det blir eit bra år. familien virkar hyggelig, og heldigvis er vi to jenter her. haha, er ein feit liten hund som driv og spradar rundt her, komisk.

åå, england er så fint! iallfall når det ikkje regna.. syns alle heime burde vere flinke og sende brev, det e så koslig, hihi! mamma, eg lovar å skrive snart. sofie, finn nåke å le av. jordan, sakn smilerynka mi. heheee.

onsdag 25. august 2010

søndag 8. august 2010

time is running out

Berre tre veker att til eg står på flyplassen med (sikkert) for masse bagasje og tårer i augene. Har allereie sagt hada til søskenbarn, onkel og mormor, og grua meg til resten! Men sjølv om eg må forlate alt her heime, er eg ganske sikker på at eg har masse å glede meg til. Har sendt brev med Liz og Stan (smålig redd dei ikkje har internett), og snakka med Anna, vertssøstra mi. They all seem nice :) Uansett,

sidan sist har eg funne ut at eg ikkje skal bli frisør sidan resultatet likna på eit insekt..

.

budd i ein gang som minna litt for masse om den The Shining..

tilbrakt tid med favorittjentene mine

og kjøpt meg dressjakke til skulen i England!

Pluss at eg var på MUSE-konsert i Bergen, noko som lett toppa lista over kjekkaste ting som har skjedd i løpet av den ellers pretty lousy sommaren.

Merkar at fleire av dei andre som reiser til England allereie er godt i gang med pakkinga, noko eg aldeles ikkje er. Kjem til å springe rundt som gal siste veka, kjenner eg meg sjølv rett.. Okei, det her blei sjukt random, men eg gjer iallfall livsteikn frå meg. Lovar å skrive når eg har noko skrive om (eller nei forresten, lovar ingenting. Haha).


Update: No har eg søren meg fått flybilletten min og. Ganske tankevekkande, dåke andre som har fått den veit kva eg meinar. Den er liksom einaste handfast bevis på at om berre nokre dagar skal du fly ut og ikkje returnere på månadsvis. Sick.