mandag 29. november 2010

merry christmaaas everyone (iallfall nesteen)

herlighet, it's all about christmas here now! vi stakk te nanna for å bake skillingsbollar (eller kanelbullar som anna og den finsk-svensken hennas ska ha da te) men gjæren virka nesten ikkje og vi måtte knuse kardemommen fordi vi fekk berre kjøpt den i sånne der klumpa.. MENMEN, koslig var det!

då vi kom heim sto vertsmor og pakka gåver, og tven spelte wham, mariah carey og alt anna som synge julesanga for fullt. skikkelig godstemning, og veldig koslig!
legg forøvrig merke te ørna med julegreie på, glad nanna ikkje e in charge for å dekorere mitt hus til jul (tulla. eller nei egentlig ikkje) legg OGSÅ merke til den lysande trappa deira. tryna i den, va passe ilt. (forresten mamma sjå, eg kan lage sånne bolla som du gjeeeer. stolt)

det var forresten annonsert at snøen var berre timar vekke no, og viss det skjer er det null skule. kryssa fingraneee!

søndag 28. november 2010

oj, advent

"advent er ei kristen årstid som markerar førebuinga til juletida."
da eg fann ut det var første søndag i advent idag, så berre.... HERREGUUD! trudde forresten eg var sein med å finne ut av det, men då sånn tre stk pluss mamma berre "say whaat, advent?!" fann eg ut at eg kanskje ikkje var så treg i oppfatninga likevel.

heilt sinnsvakt at det allereie er adventssøndag, og at dagane til norsk jul kan teljast på fire hender. berre synd eg verken har adventsstake eller hugsa tenn lys-sangen (nesten urovekkande at eg ikkje hugsa den etter all tvangs-terpinga på våge skule, hoho).

tre veker til det her! (sjekk forresten den superkule nissen min. har hatt den sida eg va liksom.. anakje.)

igår reiste vi til town og møtte nanna. dei har norske juletre her! må so ta bilde av dei. uansett, vi stakk på costa og drakk mint-kakao (eller ikkje anna da, ho drakk vanlig som smakte heitt vatn med ei halv teskjei gammalt rett-i-koppen-pulver oppi) nåke som var døødsgodt! elska å sitte inne på kafea og sjå folk fryse og kjappe seg utanfor glaset. verkeleg givande (neida, er berre morsomt å flire av dei).

imåra har vi fri, og skal til milton keynes for å handle julegåver (prøve iallfall, anakje ka eg ska gje nåken liksom). planen var liksom å gjer det i london, men trur vi hadde blitt for distrahert av alt mogleg anna til å handle pakkar.

ha ein bra adventssøndag, og syng litt tenn lys for meg og!

fredag 26. november 2010

skulen min

idag var det academic review day som på norsk blir nåke så kjedlig som foreldresamtale. det betydde at vi trong berre møte opp til avtalen med tutoren vår, snakke med ho i liksom 10 minutt, for så å ta helg. eg og anna greip sjangsen til å ta bilete av den hi tech skulen vår, hohoo.

lrc
uteområdet på innsida



biometric. den vi bruka for å signe inn og ut. proo!
den største av dei tre kantinene.


hohooo, måtte ta med nissen som henge i nabohuset og dingla.


onsdag 24. november 2010

grunnar til at gjensynet med mamma sin mat vert fantastisk

  • når vertsmora vår lagar spaghetti er den kjøpt ferdigkokt i porsjonspakningar og vert varma i mikroen → den smakar mindre enn ingenting.
  • dei veit ikkje kva krydder betyr. greit nok at norsk mat ikkje er særleg krydra i utgangspunktet, men eg har vakse opp med mor og tanter som berre ausar på.
  • dei et chips (pommes frites) til ALT!
  • brødet deira er på grensa til gjennomsiktig og ikkje veldig mettande.
  • dei har oransj ost i porsjonspakningar som smakar alt anna enn ost.
  • dei putta sjokolade i kjøleskapet! (herregud, føle enorm trang til å redde den norske konfekta som ligg og døyr sakte men sikkert der inne. rip)
  • dei har berre heilmjølk. som om ikkje alt det andre her inneheld nok feitt.
  • dei et crisps (chips) heile tida. ein av dei første dagane her, da eg og anna kjøpte lunsj på subway såg dama som jobba der på meg med eit blikk som om eg var delvis hjernedaud fordi eg sa eg ikkje ville ha ein gratis pose crisps til maten min.
keep in mind at det her gjeld mykje av det vi får servert her i huset vi bur, og at ikkje all mat her er dårleg (trekke sikkert litt ekstra ned at ein her i huset må sjekke middagen for hår i maten etter eit par tidlegare slike funn. ESJ). dei har betre fiskepinnar enn norge, gode kaker, og verdas beste sandwichar frå M&S.

hoho, første gang i england for to år sidan saman med ein høgt elska sandwich.

haha, for kanskje ein månad sidan kom forresten slekta her med tacoskjell og krydra kjøttdeig, kry som søren og trudde dei serverte oss noko enormt revolusjonerande. då dei i tillegg starta med å forklare oss korleis vi forbereda eit tacoskjell så berre, eeeh.. følte mest for å tippe salsaen over hovuda deira og sei at taco var nytt og spennande for eit par tiår sidan, meen sida det sikkert hadde fått sine konsekvensar fann eg ut det var best å la vere :-)

eg og anna har snakka om å lage noko her, men kva ein skal velge er litt vrient. vi enda på skillingsbollar etter at vertsmor uttalte at ho eingang ikkje hadde rørt (!!) pastaskruane ho lagde til oss, fordi ho hatar å prøve nye ting. gjer oss ikkje eit veldig godt utgangspunkt, sånn igrunn.

men herregud, nok syting. det er trass alt berre tre og ei halv veke til eg vert foreina med grovbrød, kjøtkaker, graut (herregud kan ikkje tru eg saknar graut av alle ting), lettmjølk og ikkje minst julemat att. i mellomtida må eg springe og ete english tea. marvellous!

lørdag 20. november 2010

lat lördag

heya! la oss litt seint igår, fordi vi va litt.. opptatt. hahahhaha. vi såg forresten remember me igår med robert pattinson, men han DÖDDE så eg berre.... okei, that was a waste of £15! neida, han var jo fin så lenge han levde. gadd aldri stå opp idag egentlig, men da vi endelig gjorde det fekk vi burgers til middag (eller frukost, da. spörs korleis du ser på det hoho). eg e i skikkelig åttitals-mood idag og torturerar dei andre to med madonna, the cure og eurythmics. likada!

det er forresten skikkelig umogleg å booke kinobillettar i england uten visakort. arggggggh, kan ikkje ein gang sjå om det er ledige seter! i tillegg er det skikkelig langt å gå, så eg blir megasur viss vi ikkje kjem oss inn på ein av dei titusen visningane av harry potter for idag.

no stövsuga vertsmora mi for trettiåttande gang den her veka.. heilt sjukt, trur ho må få eit kick utav det eller noko. den laga sånn skikkeli masse lyd og eg berre.... veit ikkje kor mange ganga ho har vekt meg med den greia! er forresten ferdig med alle pröveeksamenane no! HERREGUD så herlig. trur eg strauk matte.. meen naila psykologi så eg smile eg.

sjå kor fucka lys anna har på webcameraet sitt! hei alien




forresten, ska SO gifte meg med henrik thodesen. berre sjå kor kul han e! hahahah

torsdag 18. november 2010

all over the shop

Put your iTunes, Windows Media Player, etc. on shuffle. For each question, press the next button to get your answer.


1. IF SOMEONE SAYS 'ARE YOU OKAY' YOU SAY? a hard day's night 2. HOW WOULD YOU DESCRIBE YOURSELF? earthsong (har ikkje samanlikna meg med jorda før, men eg e tydlegvis full i lava og ein del av solsystemet. flott) 3. WHAT DO YOU LIKE IN A GIRL/GUY? electric feel 4. HOW DO YOU FEEL? too much of nothing 5. WHAT IS YOUR LIFE'S PURPOSE? spaceman (fuck yeah!) 6. WHAT'S YOUR MOTTO? i know you want me 7. WHAT DO YOUR PARENTS THINK OF YOU? enemy (audå) 8. WHAT DO YOU THINK ABOUT VERY OFTEN? pärlor 9. WHAT DO YOU THINK OF YOUR BEST FRIEND? apply some pressure 10. WHAT DO YOU THINK OF THE PERSON YOU LIKE? fuck you (hehehehhehe) 11. WHAT DO YOU WANT TO BE WHEN YOU GROW UP? vestkansvartinga (lett!) 12. WHAT DO YOU THINK WHEN YOU SEE THE PERSON YOU LIKE? u can't touch this 13. WHAT WILL YOU DANCE TO AT YOUR WEDDING? werewolf trap (straffa seg å ein gang i tida ha lagt innpå van helsing-soundtrack på ipoden, gitt! vert ein interessant brudevals-seanse iallfall) 14. WHAT WILL THEY PLAY AT YOUR FUNERAL? the sun always shines on tv 15. WHAT IS YOUR PASSION IN LIFE? handguns 16. WHAT IS YOUR BIGGEST FEAR? knights of cydonia 17. WHAT IS YOUR BIGGEST SECRET? rehab 18. WHAT DO YOU WANT RIGHT NOW? floden (neitakk, vil tørre å påstå at eg ikkje lengta etter verken bjørn eidsvåg eller elvira nikolaisen) 19. WHAT WILL YOU NAME THIS NOTE? all over the shop


vert ikkje meir usakleg enn det her, men svara vart til tider nevneverdige. hoho! no må eg pugge stress og abnormalitetar til eg sovna i psykologiarka mine. have a nice evening!

tirsdag 16. november 2010

sidan sist har eg

..tatt lekre bilete av meg sjølv som dåke kan sikle over som plaster på såret for at eg oppdatera sånn ca ein gong kvart tiår..ete dødsgod kjede-butikk sushi, mmmm..tatt fleire hinsides lekre bilete, og delt minimal dobbelseng med desse to
..noko som forøvrig ikkje enda i anna enn midlertideg kronisk ilt i rygg og nakke, og småkjefting fra finsk vertssøster medan ho var i halvsøvne. ehehhe, koseleg.

sidan sist har eg og latt min kjære bror fått fri utfalding for å teste fotograferings-skillsa hans..
noko som endte med at eg berre tok det ifrå han fordi han mildt sagt saug litt, eehehe. for dei som ikkje veit det er det her min kjære far og bror som besøkte meg da dei skulle til england på arsenal-kamp (dei tapte forresten, så det var ein smule fail)
i tillegg fann eg norsk vatn! lykkeeeee. det var dødsgodt, samanligna til badebassengvatnet i kranane her. fysj!
idag spelte dei forresten aha på skulen i kantina, og eg berre wooooh! merka kor lite det skal til før eg blir mega-patriotisk og sitte og glise som ein dust i matpausen fordi dei spela norsk åttitalsmusikk, hoho.

eg hadde forresten mock exam i biologi idag, noko som gjekk ..vel. lat oss berre sei eg er glad det er overstått. det var forresten som tatt ut av ein film! heile main hall-en var full av elevar som satt på rekker, pult for pult og hadde eksamen heilt musestille. eg satt på nest fremste rad, og kvar gang eg såg opp møtte eg liksom trynet til ein gretten lærar som nesten var på nippet til å be meg dra auga mine ned att i biologien. herregud, paranoid mann! uansett, endå matte, psykologi og engelsk att før eg kan senke skuldrane (sjølv om dei eigentleg er bra senka no og) og slappe av. imorgon er det berre ein månad att til siste skuledag før jul! tida går dødsfort her.

haha, må forresten sei nåkke som skjedde på skulen her ein dagen. nåken av gutane i sixth form går rundt med sånn her tulle-godteri som visstnok skal smake ein miks av drit, gammal ost og løk som dei bestikke folk til å ete. dei som klara det får liksom £10. ein sånn gingergutt va så DUM at før eg visste ordet av det sprang han rundt som ei hovudlaus høne, før han kom bort til meg og berre "KA E DA HER??!" eg berre såg dumt på han og fortalte han at eg ikkje hadde peiling, før han sprang til næraste bossbøtte og sto der og sleva over den til klokka rang.

eg har forresten fått endå ein uvenn her! foretrekke faktisk den sure passe-på-at-folk-betala-doen-dama i london framfor den vesle (i alder, ikkje i storleik) portugisiske krabaten som har lagt alt sitt hat på meg etter at eg sa ifrå til læraren min om at han forstyrra timen. her i england er det nemleg vanleg at bråkete dretunga vert plasserte i andre klasserom med eldre elevar ut timen, der dei må sitte i ro og arbeide, men ikkje SØREN om han her gjorde det! han satt og skribla og slo fingrane i bordet, klappa, klagde over kor kjedeleg det var og lo for seg sjølv på ein enormt irriterande måte. han fekk tilsnakk av mattelæraren min sånn annakvart minutt, men gav seg ikkje. eg enda opp med å gje han dødsblikket mitt, og da det ikkje gjorde nytta så sladra eg enkelt og greit på han. etter det har han komme til meg fleire gangar og berre "du sladra ikkje på meg igjen" med sånn wannabe-mafia-tonefall. heilt seriøst, trur eg skal høyre med dei gutane på skulen kor eg kan få tak i dei der ekle dropsa slik at eg får proppa dei i trynet på han. he's got some nerve.

tirsdag 9. november 2010

AVS norway

AVS betyr endå avsendar sant? haha, litt flaut viss ikkje. uansett, dåke der heime blir berre flinkare og flinkare til å sende brev og det blir eg skikkelig glad for! berre sjå ka som kom i posten fra den snillesnille tanta mi idag! så utrulig bra påtenkt å sende adventslys!
eg skreiv forresten brev til alle besteforeldra mine her ein dagen (høyres ikkje så masse ut, men tek på å skrive tre brev der du alltid må passe på ka du skrive sånn at ikkje du får ei bestemor på nakken), og flirte litt da eg posta dei fordi eg trur sånn eeeegentli at ingen av dei gidde svare. haha, sad really! sendte forresten og ein kickass lollipop med bleke på til broren min som blei elleve (ELLER ti, eg hugsa aldri), men tippa postfolka trudde eg smugla kokain eller nåke og kasta det, for det kom aldri fram..

søndag 7. november 2010

bittersweet

å sitte ved vindusruta på bussen. å runde hjørnet med alle lavendelane. å komme inn ytterdøra medan ein ropar hei til dei der inne, slik at dei veit ein er der.

det er så rart å gjere sånne ting og vite at tidlegare samme dag gjorde ein eksakt det samme - berre ilag med to av dei som står deg nærast. to av dei som ikkje er ein del av kvardagen din, men som kjenner deg betre enn nokon andre rundt deg.

det er så rart å vite at dei plutseleg berre er ein liten time vekke, når ein har vendt seg til å vere så langt unna dei. det er då det er fint med venninner som trøystar utan vidare når dei ser på deg at det trengs.

det er like rart å sitte med kleda dei tok med som enno luktar som heime, handskrive kort fra mamma som ein nesten ikkje vil legge ifra seg og det å føle seg heime hos dei på ein bisarr måte fordi ein veit kor mykje dei bryr seg.

torsdag 4. november 2010

psykologi

okei, må berre fortelle litt om favorittfaget mitt på skulen her borte, nemleg psykologi. det er så interessant, morsomt og lærerikt - men og utrulig tungt. skal innrømme at eg tok det i trua på at det var eit chill fag som var berre virka kult liksom. hadde rett i at det var kult, men chill? heheheh not really. anbefala verkeleg alle som kan å lære litt psykologi eingang, det er så utrulig annaleis fra dei vanlege faga både her og i noreg (pluss at du høyres rimeleg kul og intelligent ut når nokon spørr deg om faga du tek, og du svarar at du har psykologi).

eg trur læraren har veldig mykje å sei på korleis ein likar eit fag, og skulen her borte kunne søren meg ikkje truffe betre. psykologilæraren min her er må vere ein av dei kulaste og mest fascinerande menneska eg har møtt. med unntak av den kjære ungdomsskulelæraren eg hadde for nokre år sidan, toppar han lista over beste lærarar, lett. fyren er ein mann i slutten av førti-åra, med hestehale, som forøvrig selde huset sitt under finanskrisa, og bur i ei husvogn på eit jorde. han har drive med motorsport, er buddhist, og samlar på dokker og antikke sverd. han er flink til å surre seg vekk fra tema, og vi får heile tida vite nye ting om han - det eine meir overraskande enn det andre.

nett no lære vi om tilnærmingar og definisjonar av abnormalitetar (approaches to psychopathology and definitions of abnormalities høyres så sinnsvakt mykje kulare ut), så eg skal garantert heim og klassifisere vennane mine som abnormale i fleng! trur eg starta med ho her, ehehhe;
no er det forresten berre to dagar til pappa kjem på besøk! åååh det blir kos.
lisjebror kjem og. rekna med det blir eit kjærleg og fint gjensyn!
da eg bladde gjennom for å finne bilde fann eg forresten det her..
sei hei til katten min kaspar. ein dum ting som egentli ikkje lika kos eller menneske generelt. sei fra om du vil ha ein katt, kan få beistet mitt, ehhehehhehe.

mandag 1. november 2010

møt kveldens kavaler..

syns ikkje så veldig mykje om han sålangt, men må nesten tvinge meg til å like han sidan vi må gjennom praktisk eksamen ilag imåra. fiiiint.

som den trassungen eg er, har eg mest lyst til å lene meg tilbake og nekte å røre ein finger...
..meeen for å unngå å stryke biologi må eg nesten gjere nåke. vil ikkje risikere å måtte ta vg2 omatt neste år og vere russ med 94-kullet liksom, hehhehe.

forresten, hadde drept for brunost idag. misunna alle dåke som berre kan stappe det i dåkke. argh.