tirsdag 25. januar 2011

som mor, så datter

mammaen min som utvekslingsstudent i alpena, michigan tidleg på åttitalet. eg likar det at eg fylgjer i hennar fotspor, sånn 28 år etter :-)

onsdag 19. januar 2011

kom våår, kom!

idag er eg blid og nøgd engelsk skulejente. viss du ikkje har sett ei før, ser vi cirka slik ut.

eg er ferdig med alle eksamenane for no (ignorera dei fem eg har til sommaren, sånn for no iallfall, hehehhe), eg fekk norsk sjokolade og kort i posten fra verdens beste mamma, og eg fann nett ut at eg har tjue (TJUE FOR SVARTE) fridagar i april. eg blir bra flau om eg har telt feil no.

dei gule dagane er påskeferie. jihaaa!

nett no sit eg og vurderar ka eg skal gjere dei sytten dagane av påskeferien. innrømme at det freista med ein tur til norge, men ingenting er avgjort endå. elska fridomen ein får ved å vere utvekslingselev her, ein kan reise friare enn ein vanlegvis kan iløpet av eit utvekslingsår. mange vil sikkert sei at det å kunne tilbringe feriar heime er å øydelegge året, og på ein måte er eg einig, men samtidig er eg takksam for at eg har sjansen. om ein til dømes ikkje har den ideelle vertsfamilien er det supert at ein kan ta ein pause ved å reise heim til dei som verkeleg bryr seg om deg.

heilt ufatteleg å tenke på at over halve opphaldet er gjennomført, og at eg veit allereie no kass junidag eg landa i norge att. eg vert nesten stressa, endå mykje å sjå og gjere, med under fem månadar att.

sjølv om det allereie er varmare vêr her, er det endå januar. stygg månad! einaste eg kan sei no er vår, få ræva i gir!

hehehhe eg lurte forresten ein i klassen min med at vi i norge bur i holer og fanga vår eigen fisk. han må tru eg e dritgal no!

søndag 16. januar 2011

når eg bur på eit rom..

enda det alltid med å sjå slik ut.

jenterommet heime

rommet i england
likhet? veggane mine endar alltid opp med bilete av folk eg verdset. ergo, finn deg sjølv på veggen min, og du e kul. hahaha.

i det siste har eg ete muffins på senga til anna

..eg har demonstrert korleis ein a-levels student ser ut i eksamens-perioden

pluss at eg har leika meg med fish eye-linsa til mi vene finske syster.

denne veka må eg fortelle biologi-klassen min om diabetes type 2 (FUN) og naile psykologi-eksamen. puuuuh.

torsdag 6. januar 2011

hei januar

fysøren, få ting eg mislika meir enn januar. den halve månaden heime i vene noreg gjekk så altfor fort, og før eg visste ordet av det sat eg på flyet vekk fra fjell og god mat for andre gong på nokre månadar.

det følast som ein halv evigheit (HERREGUD EG KAN IKKJE NORSK) sida vi gjekk og trippa og gleda oss til jul, opna kalendara, pakka kofferta og bekymra oss for at snøen skulle øydelegge for turen heim. det gjorde den forresten og! sjølv om eg, grine-petrine sjølv, fekk full panikk då norwegian hadde endra flygninga frå gatwick til stansted grunna snø, var eg den einaste som faktisk kom meg heim i tide. stakkars nanna og anna vart sitjande fast på heathrow og stansted i tre og fire dagar (!!!) før dei feige britane turde å sende avgarde flya sine. herregud, hadde det vore meg som sat bom fast på eit flyplass-golv i london hadde eg dødd relativt kjapt.

vel heime i norsk luftrom (kan ein sei da?) kunne eg ikkje anna enn å GLISE då eg såg norsk kyst, høge fjell og snø. såfort eg var heime, verka opphaldet mitt i england berre som ein fjern draum. veldig merkeleg, men også herleg å vite at ingenting hadde endra seg også. jula heime var laaaat og fin. enda opp med å spele volleyball med dei fagre jentene i b-klassen, og feira heidi som berre juling på fest i romjula.

vel heime med systa og mamms!

volleyball-turnering på vgs heime. no words needed!

turen heim gjekk heilt fint, såfort eg kom meg gjennom innsjekkinga på flesland der køa var femten kilometer lang på grunn av heimvernsguta som skulle tilbake til hæren eller heimevernet eller ka søren. hadde forresten ikkje overvekt i kofferten verken fram eller tilbake. 19.9 kg attende te england. skills!

vi snakka tre lag kle på flyet heim til noreg for å unngå overvekt! hahaha

det faktum at eg e tidenes svekling har ikkje englandsopphaldet greidd å gjere noke med..

publisera det her BERRE for at ein kan sjå kor utslitte vi (eg) var. drosje til flyplass klokka 0500 + panikk over at flyruta endra ekje sunt!

eg angrar ikkje på at eg drog heim til jul, men for dei som les det her og vurderar å vere utvekslingselevar neste år til ein stad der du står fritt til å stikke heim i ein ferie; det er kjipt å komme tilbake på nyåret med ingenting anna enn eksamenar på timeplanen. hoho.