onsdag 8. juni 2011

søt bror

ei veke

idag sat eg sånn her, med åpen, tom koffert og streng beskjed frå mor heime om å starte pakkinga.


igår hadde eg siste eksamen i engelsk, og idag drog eg til skulen for siste gong som elev og leverte inn alt av bøker, og sa hadet til lærarar og elevar. vemodig, men gjekk greitt. det er så sinnsvakt merkeleg å tenke på at så mange månadar har gått sidan første skuledag, og at allereie imorgon sit mamma og to søsken på flyet hertil.

sidan anna reise på torsdag, hadde vi eit siste måltid (haha, herregud, høyres ut som ho sku dø) med ho, vertsmor og tutoren frå skulen. så merkeleg at om berre dagar er alt over!


ei veke, så er eg heime.

skottland



edinburgh

glasgow



etter ei laaang men avslappande veke i skottland, er eg tilbake i northampton att. fekk oppleve både landsbygda og dei to største byane der oppe. historiske edinburgh var verkeleg fint, og ein plass eg gjerne reise attende til. glasgow derimot, passar betre om du vil på storshopping, og hadde etter mi meining mindre å sjå.
mangla berre turen til loch ness for å speide etter uhyret, så hadde turen vore komplett, hahahha.