søndag 30. mai 2010

eeeengland

Når folk får høyre at eg skal til England neste år, er den første reaksjonen deira å spørre om kvar eg skal, og om eg har fått vertsfamilie. Haha, følast faktisk som om alle andre bryr seg meir om det enn eg gjer, for heilt ærleg er eg ikkje uroleg (endå, haha). Men når det er sagt, lurer eg veldig på kvar eg hamnar. I nærheten av London, eller i York hadde vore awesome, så det er jo lov å håpe. Men uansett så ringte eg EF, og dei sa dei jobba veldig fort med å finne vertsfamiliar no. Med tanke på kor ekstremt treig eg var med å sende inn søknaden er det kanskje ikkje så rart at eg ikkje har fått familie enno heller, haha.

No er det faktisk under tre månadar til avreise. Ganske sjukt igrunn, kjem til å sitte i Oslo kvelden før og lure på kva eg har rota meg oppi, haha. Heldigvis har eg komme i kontakt med fleire som skal reise, og andre som er/har vore på utveksling. Det er alltid betryggande å vite at det er andre i samme situasjon.

Og forresten, høyr det franske bidraget i ESC 2010, årets sommarhit!

lørdag 8. mai 2010

hej hej hallå

Sidan eg ikkje har betre å ta meg til, og sidan eg ikkje føler for å skrive fem avsnitt om meg sjølv som introduksjon, fann eg ut at eg kunne vise nokre bilete frå konfirmasjonen til søskenbarnet mitt forrige helg. Enjooy!









Eg håpar forresten du er nøgd no, Maritus!