torsdag 28. oktober 2010

londonlondonlondon

igåår sto vi opp supertidleg for å reise til london. tuuungt å stå opp halv sju, iallfall når ein tilbringe så mykje av ferien sovande som eg gjer, men så fort vi var på veg gjekk det fiiinfint. tok tidleg tog, slik at vi var på plass i london allereie ni om morgonen.

etter å ha vasa rundt med relativt lite peiling på noko som helst fann vi ut at kart kanskje var ein grei ting å ha, og kom ut av informasjonskontoret med både det og billettar til madame tussauds! for ein herlig start på dagen - om ein ser vekk frå at anna drog meg med inn i chamber of horrors og eg skreik i eitt bortimot fem minuttar. sjølv om vi begge hadde vore der før, var det ikkje mindre artig å sjå alt på ny.



før vi stakk på vokskabinettet rakk eg forresten å gjere dagen litt surare for ei random passe-på-at-folk-betala-for-å-gå-på-do-dame da eg ikkje tenkte over det faktum at kvar person måtte betale for å komme seg inn. den streika etter at anna la på peng og kom seg inn, så eg tok sats og hoppa over heile greia. ho som jobba der såg heile greia og berre. ho var faktisk relativt skremmande, så eg enda med å hoppe tilbake over og betale dei hersens fem kronene dei skulle ha for å sleppe inn.

etter det stakk vi rett til oxford street og inn på næraste mcdonalds, før vi gjorde den einaste tingen som er rett å gjere i oxford street. vi shoppa! trur det gjekk med over to timar berre på topshop, den e så stoooor! slutta brått da tre andre ef-studenta melde ankomst, men trur det var like bra for lommeboka si skuld, ehehe.
vi gjekk til piccadilly og tok tuben vidare ned til themsen. vi vart forresten skikkelig gode på undergrunnen! overraska meg sjølv med å ende opp på rett plass, og hugsa berre ferien for to år sida da eg la absolutt all tilliten min på mamma. berre tanken på heile greia gjorde meg hjelpelaus. moro når ein faktisk merkar at ein veks i ulike situasjonar. (betyr ikkje at eg e vaksen nok til å lage middag heime heile tida mamma, ikkje ta gleda på forskot).

uansett, meininga var liksom å stikke ned til tower bridge men så langt kom vi aldri. den eine venta på den andre og vips var det for lite tid. synd, for den brua på nattestid er rett og slett vakker! det samme gjeld forsåvidt resten av london. for ein herlig stad å vere når det mørknar! alle lysa, alt livet, gatemusikantar og tivoli på leichester square. brilliant!
kvelden enda med at vi stakk på pizza hut før vi gjorde det vi kunne for å rekke toget tilbake til northampton, noko vi gjorde (HELDIGVIS, vertsmor hadde vore lite blid om vi hadde ringt fra london midt på natta).

dagen var dødsbra, can't wait til next time! trur julehandel der kan bli ganske awesoooome!

merkar forresten at det norske ordforrådet mitt minkar heile tida, nåke som både er skremmande og småtrist, samtidig som det viser at eg har tilpassa meg engelsken ganske bra. spørs om eg ikkje må sette meg ned med den fagre norskboka ein time eller to før skulen startar att. esj! poenget med å nevne norsken min no var uansett att eg legg meg langflat med tanke på skrivefeil i innlegga. for ei som er såpass opptatt av sånt er det GRUSOMT å ta seg sjølv i å skrive "tåg" og "forrestenn". ugh..

fredag 22. oktober 2010

harlestone firs

åh, idag har vore den beste dagen på lenge. som start på ferien fann vi ut at vi skulle gå tur i skogen her borte. eg og anna har hatt fleire mislukka forsøk på å finne den, men idag enda vi opp på rett stad, og ikkje langs ein vei full av fabrikkar og lastebilar, nåke som var tilfelle sist. hahha. skogen her borte ligg forresten veldig nære staden der lady diana budde og (visstnok) er gravlagd. mange som trur ho ikkje er det.

uansett, det å kunne gå lenger og lenger inn i skogen, og merke korleis lyden av all trafikken sakte men sikkert døyr vekk er herleg. og luka av skog og tre - fysøren! va som å vere heime att (okei, høyres ut som ein lettare forstyrra person når eg seier at eg føle meg heime i ein skog, men la gå). er ganske annaleis å gå frå å bu eit minutt unna skogen i norge til å måtte gå i førti minutt for å finne meir enn to tre ståande ilag.



marita-pose på det i midten. lære av den beste, hoho!




ska so tilbake!

torsdag 21. oktober 2010

tek ferie, eg

smaken av HALF TERM (altså høstferie viss du e litt treg) ser litt sånn ut. FRI TIL NOVEMBER E GANSKE OKEI!feira med litt for masse kake (gud, nevna kake sånn annakvar setning, lova å slutte), sånn at nanna endte opp i litt kake-koma eller nåke..
sjekk hua mi! hata den litt, elska den litt, klara ikkje bestemme meg

sjå kor jentete tapet eg har! føle meg fem år yngre (evt fem år gammal)
vertssøstra mi rappa kameraet mitt HEILE TIDA fordi ho ikkje har sitt eige. trur faktisk eg skal lage eit facebook-album av alle bilda ho har tatt av seg sjøl eller nåke. føle ho vil sette pris på nitti nye tagga når ho logga inn neste gang liksom, hehehe.
eg kan forresten meddele at eg ikkje har vore blink for fleire melonar sidan sist (thank god, hahaha) imåra skal eg sove leenge, og nyte det faktum at eg har sånn cirka to veker fri (utanom leksene og dei FIRE timane matte eg har neste veke. vi har for masse å gå igjennom, så vi blir kalla inn i ferien. juhu!). når eg e ferdig med all nytinga skal vi ut i skogen og gå av oss alle hersens kiloane med sukker vi fordøya her borte. må bli bra!

eg har forresten gløymt å sei at eg får besøk av faren og broren min om berre to veker, pluss at flybilletten heim e fiksa. norsk jul om under to mnd e ei trøyst når eg tenke på mock-eksamenane eg må ha før den tid. ååååh så fint det skal bli!

fredag 15. oktober 2010

trass i at eg sov altfor lite i natt, og vart truffen av ein halv-eten melon (!!!) på skulen idag, går det ikkje an å mislike fredagar. no sit eg og anna som to nerda, og har ete chocolate brownies cheesecake (♥) over den daglege dosen med britiske kaloriar, men viss du har ete kaka skjønna du meg, hehehee.

tilbake til melonen. anna, nanna og eg sat heilt fredlege og uskuldige og åt lunsjen vår, heilt til drittunge1 fjerna seg sånn at drittunge2 traff meg med ein ekkel melon som var eten på. ho berre, og eg berre, og ho berre. så satt eg sånn her til ho sprang vekk og sa unnskyld sånn ti ganga. ESJ! trur ho angra ganske masse etterpå da, passe fail å dryle ei frukt i puppen på ein sixth form elev som kan kunsten å stirre folk ihjel, liksom.

uansett, eg glømte melongreia ganske fort og blei ferdig med dagens engelsk, psykologi og matte sånn at eg kunne få helg. eg elska å gå heim fra skulen om fredagane! då eg kom heim

melonfredag

trass i at eg sov altfor lite i natt, og vart truffen av ein halv-eten melon (!!!) på skulen idag, går det ikkje an å mislike fredagar. no sit eg og anna som to nerda, og har ete chocolate brownies cheesecake (♥♥♥). langt over den daglege dosen med britiske kaloriar, men viss du har smakt kaka skjønna du meg, hehehee.

tilbake til melonen. anna, nanna og eg (hahaha, ka e sjansen for at dei tre utvekslingselevane på samme plassen heite anna, nanna og hanna? (dei klara ikkje sei hanne her, så eg e midlertideg omdøypt)) sat heilt fredlege og uskuldige og åt lunsjen vår, heilt til drittunge1 fjerna seg sånn at drittunge2 traff meg med ein ekkel melon som var eten på. kort sagt: ho berre, og eg berre, og ho berre. så satt eg sånn her til ho sprang vekk medan ho unnskylda seg sånn ti ganga. ESJ! trur ho angra ganske masse etterpå da, passe fail å dryle ei frukt i puppen på ein sixth form elev som kan kunsten å stirre folk ihjel, liksom.

uansett, eg glømte melongreia ganske fort og blei ferdig med dagens engelsk, psykologi og matte sånn at eg kunne få helg. eg elska å gå heim fra skulen om fredagane! då eg kom heim blei eg endå meir glad fordi eg hadde fått TO brev! (ganske masse når du vanligvis får sånn knapt tre tekstmeldinga i veka liksom). brevet fra EF kasta eg vekk med eingang liksom, men så hadde eg fått eit fra norge og! made my day. første brevet eg har fått, og eg har vore her i sånn sikkert 7 veke snart! nordmenn suge i å skrive brev ..(hinthint)




men no skal eg ete melon (ironisk nok). god helg!

tirsdag 12. oktober 2010







fjell, grovbrød, fyr i omnen, marita, vill natur, maten til mamma, fjordar, den friskaste og reinaste lufta ein finn, popcorn, h*3 + ingvild, festar, pappa sin kakao kvar laurdagsmorgon, å kunne gå i kva ein vil på skulen, å bu i eit hus med fleire etasjar, familien min, bileta på veggane mine, å ikkje kunne høyre at ein har naboar, mjølkesjokolade, å gå på frosen grusveg om hausten, søndagsturar, butikken, å ta buss til skulen, badet oppe, kokte poteter, tv-stova, dundyne, bråkete søsken, norsk tv, herlege laurdagar, heimelukta av nyvaska kle, å sykle, nugatti, rommet til jordan, norsk skulesystem, zacharia

ting eg saknar - eventuelt ting eg gler meg til å sjå att. alt går på korleis ein ser det :-)

torsdag 7. oktober 2010

gutar, paraplyar og new zealand

for alle jenter som lika direkte gutar; stikk til england! ein ting ein verkeleg legg lett merke til er forskjellen på engelske og norske fyra. her er dei smilande, åpne, kontaktsøkande og kanskje litt vel dirkete og rett på sak, for ikkje å snakke om at dei faktisk kan kle seg. (norskegutarerforsatthøgreogmykjefinare). veit ikkje om dåkke andre utvekslingselevar er einige, eller om det her er nåke som berre skjer her nede, menmen.

forresten, eg har høyrt to ting som hadde gjort meg ein smule bekymra om eg hadde fått vite det FØR eg reiste hertil. den første er at northampton tydlegvis er kåra til byen i england med styggast folk, og den andre er at det er staden med flest tilfeller av hiv/aids i heile landet eller nåke sånt. hjelpes!

england er forresten forsatt veldig vått og mørkt. her blir det mykje fortare mørkt om ettermiddagane enn heime. igrunn utrulig deprimerande å vakne til regn og vite at eg må gå til skulen med ein herpa paraply sidan eg ikkje har gidda å invistere i ein ny ein, haha. trur det er ein miks av hard, drepande skule og deprimerande haustver, men merkar at eg somme gonger saknar norge litt. det som får fram saknet meir enn nåke anna, er å gå ute og kjenne lukta av at folk fyrer i ovnen. fysøren så eg gledar meg til norsk jul kvar gang det skjer!

eg hadde forresten forventa mykje fleire rare spørsmål her borte, men som regel kjem det

"do you speak english or norwegian in norway?" heheeja. ka du trur?!

og

"are all people in new zealand this tall?" eg veit ikkje, eg er norsk..

fredag 1. oktober 2010

sushi from hell

..neida, misvisande. vi ÅT sushi (nei jordan, ikkje katten din, sushi. ville ikkje ete den for 20 000. sjå kor stygg!)
..medan vi såg from hell. fantastisk johnny depp-film som du må sjå viss du ikkje har gjort det! den her helga blir som alle andre. stikke te sentrum imårra, sove, og gjere lekse. gjemegeinfestforsvarte! fyysj desse leksene! sjølv om eg berre har fire fag, har eg to lærara i samme som gjer dobbel lekse. trur eg bruka meir tid på å utsette leksene enn å faktisk gjere dei, men men.


viss nokon forresten skulle lure på korleis veret her borte er, kan eg meddele at da e stygt likt realt norsk vestlandsver. slepp ikkje unna det!