torsdag 28. oktober 2010

londonlondonlondon

igåår sto vi opp supertidleg for å reise til london. tuuungt å stå opp halv sju, iallfall når ein tilbringe så mykje av ferien sovande som eg gjer, men så fort vi var på veg gjekk det fiiinfint. tok tidleg tog, slik at vi var på plass i london allereie ni om morgonen.

etter å ha vasa rundt med relativt lite peiling på noko som helst fann vi ut at kart kanskje var ein grei ting å ha, og kom ut av informasjonskontoret med både det og billettar til madame tussauds! for ein herlig start på dagen - om ein ser vekk frå at anna drog meg med inn i chamber of horrors og eg skreik i eitt bortimot fem minuttar. sjølv om vi begge hadde vore der før, var det ikkje mindre artig å sjå alt på ny.



før vi stakk på vokskabinettet rakk eg forresten å gjere dagen litt surare for ei random passe-på-at-folk-betala-for-å-gå-på-do-dame da eg ikkje tenkte over det faktum at kvar person måtte betale for å komme seg inn. den streika etter at anna la på peng og kom seg inn, så eg tok sats og hoppa over heile greia. ho som jobba der såg heile greia og berre. ho var faktisk relativt skremmande, så eg enda med å hoppe tilbake over og betale dei hersens fem kronene dei skulle ha for å sleppe inn.

etter det stakk vi rett til oxford street og inn på næraste mcdonalds, før vi gjorde den einaste tingen som er rett å gjere i oxford street. vi shoppa! trur det gjekk med over to timar berre på topshop, den e så stoooor! slutta brått da tre andre ef-studenta melde ankomst, men trur det var like bra for lommeboka si skuld, ehehe.
vi gjekk til piccadilly og tok tuben vidare ned til themsen. vi vart forresten skikkelig gode på undergrunnen! overraska meg sjølv med å ende opp på rett plass, og hugsa berre ferien for to år sida da eg la absolutt all tilliten min på mamma. berre tanken på heile greia gjorde meg hjelpelaus. moro når ein faktisk merkar at ein veks i ulike situasjonar. (betyr ikkje at eg e vaksen nok til å lage middag heime heile tida mamma, ikkje ta gleda på forskot).

uansett, meininga var liksom å stikke ned til tower bridge men så langt kom vi aldri. den eine venta på den andre og vips var det for lite tid. synd, for den brua på nattestid er rett og slett vakker! det samme gjeld forsåvidt resten av london. for ein herlig stad å vere når det mørknar! alle lysa, alt livet, gatemusikantar og tivoli på leichester square. brilliant!
kvelden enda med at vi stakk på pizza hut før vi gjorde det vi kunne for å rekke toget tilbake til northampton, noko vi gjorde (HELDIGVIS, vertsmor hadde vore lite blid om vi hadde ringt fra london midt på natta).

dagen var dødsbra, can't wait til next time! trur julehandel der kan bli ganske awesoooome!

merkar forresten at det norske ordforrådet mitt minkar heile tida, nåke som både er skremmande og småtrist, samtidig som det viser at eg har tilpassa meg engelsken ganske bra. spørs om eg ikkje må sette meg ned med den fagre norskboka ein time eller to før skulen startar att. esj! poenget med å nevne norsken min no var uansett att eg legg meg langflat med tanke på skrivefeil i innlegga. for ei som er såpass opptatt av sånt er det GRUSOMT å ta seg sjølv i å skrive "tåg" og "forrestenn". ugh..

11 kommentarer:

  1. Let the Norwegian go, honey. It's not important.

    SvarSlett
  2. Hahaha, eg huska når eg var på Madame Tussauds... når eg såg ho gamle dama som er på det bildet ditt, da smilte eg til ho fordi ho såg so surt på meg. Looooool :D Men ronaldo var ikkje lik seg sjølv da. Heldig du er som får vere i London :-)

    SvarSlett
  3. Jeg digger London, og jeg syns det er utrolig kult at man bare kan ta seg en togtur og være der! <3

    /takk takk for kommentaren på bildene mine! Stas at du likte dem!

    SvarSlett
  4. London!! Love it! Men du, vi må møtes en gang, synes jeg :) og gjøre noe kult.. Spise brunost eller noe. Neida, men :P Jo.. Skulle du hjem i jula?

    SvarSlett
  5. Sant det, jeg visste egentlig at du skulle hjem altså :) Men ja.. Tror du vi får tid til å møtes før jul? Kanskje litt lettere å finne en helg som passer etter jul, egentlig? Wow, det er bare noe sånt som ... litt over 7 uker igjen! :D Jeg liker jul...

    SvarSlett
  6. /jepp, jeg skal hjem til jul! Bare 7 uker til, det er litt snålt :)

    Du og skjønner jeg? ^^

    SvarSlett
  7. Dette er litt rart, jeg vet faktisk ikke om jeg har mock exams! x) Vet jeg har to eksamener i januar, men de har ikke sagt noe om mock exams.. Har alle det? Jepp, vi må få til noe :D Hva med... den første helgen i desember, har du noen planer da? :) (nesten randomly utvalgt dato!)

    SvarSlett
  8. robert pattison e veeldig femi! ronaldo og! eg syns du burde ve meir stolt av å få ta bilde med meg! :D sant? :D:D:D:D:D

    SvarSlett
  9. ronaldo ser berre fjern og enormt lite smart ut, dokka av rob såg litt... trøtt ut. men forsatt heit, ehehhehe. NESTEN like stolt over å ta bilde med deg. iallfall når vi samanlikna bieceps og eg vinn glatt:D

    SvarSlett
  10. haha, når me sammenlikna bieceps som du streng tatt ikkje har ja :D

    SvarSlett
  11. Du vil nok vaksnast mykje dette året, hehe. Om du lagar middag ein dag i veka hjelpe da på - særlig om du likar da og!!!!!

    SvarSlett