torsdag 4. august 2011

at last

..så avslutta eg heile greia. smigrande at folk faktisk sjekkar for innlegg enno, sjølv om eg ikkje fattar kvifor nokon gadd frå starten av, hoho. det er forresten ufatteleg at eg har vore heime i sånn sju veker allereie. verkar mykje mindre, samtidig som heile året verkar som ein fjern draum.

iløpet av eit år har eg ledd, grine (om det eingong er eit ord. herlighet, synes allereie synd i stakkaren av ein lærar som må korrigere alle dei nyanskaffa rettskrivingsfeilane mine...), bytta familie, kasta vekk tid på grusom matte, funne ut kva eg vil vidare, gjort meg sjølv blakk og pappa oppgitt, møtt både beundringsverdige og litt mindre beundringsverdige folk, og mest av alt lært massemasse om meg sjølv, noko som var hovudpoenget bak heile året. eg vart tvungen til å bli sjølvstendig, noko eg hadde enormt godt av.

kan ikkje anna enn å smile når eg kjem over bloggane til det kommande årets studentar. dåke har JAMMEN mykje framfor dåke. gjer det meste utav det minste, ikkje tenk for mykje på alt heime for der endrar ingenting seg (iallfall ikkje om du kjem frå vesle vestlandet) og ikkje ta noko for gitt. før du veit ordet av det sit du på slutten av siste eksamenen og lurer på kor tida gjekk.

trur eg sparar meg sjølv for meir flauheit, og set streken der. ingen meir halvhjarta skriving frå mi side, med mindre eg i juni endrar bloggnamn til "interrail, baby" og finn ut at ein månads togtur gjennom europa er verdt å dokumentere. hahahh, håpar for alle sin del at eg slår den ideen ifrå meg. takk for alle oppmuntrande ord (sjølv om dåke saug på slutten omg, hahahah).

suss.

heilt til slutt må eg berre sei kvil i fred, hanne kristine. håpar du har det betre der du er no, vit at vi alle tenkjer på deg.

onsdag 8. juni 2011

søt bror

ei veke

idag sat eg sånn her, med åpen, tom koffert og streng beskjed frå mor heime om å starte pakkinga.


igår hadde eg siste eksamen i engelsk, og idag drog eg til skulen for siste gong som elev og leverte inn alt av bøker, og sa hadet til lærarar og elevar. vemodig, men gjekk greitt. det er så sinnsvakt merkeleg å tenke på at så mange månadar har gått sidan første skuledag, og at allereie imorgon sit mamma og to søsken på flyet hertil.

sidan anna reise på torsdag, hadde vi eit siste måltid (haha, herregud, høyres ut som ho sku dø) med ho, vertsmor og tutoren frå skulen. så merkeleg at om berre dagar er alt over!


ei veke, så er eg heime.

skottland



edinburgh

glasgow



etter ei laaang men avslappande veke i skottland, er eg tilbake i northampton att. fekk oppleve både landsbygda og dei to største byane der oppe. historiske edinburgh var verkeleg fint, og ein plass eg gjerne reise attende til. glasgow derimot, passar betre om du vil på storshopping, og hadde etter mi meining mindre å sjå.
mangla berre turen til loch ness for å speide etter uhyret, så hadde turen vore komplett, hahahha.

fredag 27. mai 2011

eg møtte på ein nordmann!

..eller nordkvinne om eg ska vere feministisk. va heilt sjukt random, var inne på eit piercing/tattoveringsstudio, og måtte stave navnet mitt så ho kunne skrive det ned pga ein avtale, så tok eg tilfeldig viss opp mobilen min, så ho såg skjermen min og ho berre "e du norsk?" hahahahha, eg klarte såvidt å svare ja, blei så overraska! veldig morsomt, men veldig rart. ein mista litt munn og mæle i sånne situasjona, iallfall eg :-)

torsdag 26. mai 2011

check this out

fekk det her i posten idag, som seie at eg har fullført eit år her borte, herregud så fort det har gått!

eg e ferdig med 5 av 6 eksamenar, etter å ha hatt både matte og biologi idag. feira med macdonalds, paradise hotel og kino, haha. sinnsjukt herlig å vere ferdig med (nesten) alt, føle meg fleire tonn lettare.
her borte har vi ferie neste veke, og derfor reise vi til skottland på laurdag, vertsmor e jo derifra. blir bra å sjå eit nytt land!
om berre 19 daga e eg heime, hjeeeelpes.

mandag 23. mai 2011

sov godt



måtte du finne fred

mandag 16. mai 2011

to ting eg syns er morsomme nett no

1. det faktum at lærarar her borte rewarda elevar som hundar. her ein dagen fekk eg til dømes eit creme egg (altfor søt sjokolade) som belønning for at eg gjorde ein god innsats i engelsktimen. ein vert meir vandt til det, men det vil alltid vere merkeleg. å gjere så forskjell på elevar i klasserommet!? kan ikkje forestille meg det skje heime.
2. å komme over bloggane til neste års utvekslingselevar. det er så rart å tenke tilbake på at for under eit år sidan var eg i deira uvitande og forventningsfulle sko, og visste så lite om kva som ville skje i månadane som fylgde etter.



ein ting til som forresten burde vore morsomt, men som berre er trist er at vi har fått starbucks her i northampton. den saug. mocca frappuchinoen deira va ekkeeeel. (ikkje den på bilde, alså. den va okei)


det är så det ska vara

eg bite negle, sukka og ser bort på mattebøkene mine som ligg åpne. bite litt meir negle, får munnen full av glitterneglelakk, og sukkar på ny.
det er sjølvaste nasjonaldagen heime om berre nokre timar, og her sit eg, hundrevis av mil vekke - lei av det meste.
lei av matte. lei alle eksamenane mine før eg har hatt dei. lei av at siste tida her berre er nedteljing, og at eg tek meg sjølv i å vente. lei av ekkel luft og eksos. lei av å vere lei.
eg er trøtt og sliten no, og vil berre at tida skal fly endå fortare. ikkje misforstå - eg har det upåklageleg her, og ingenting er gale. det er berre denne siste tida som verkar så endelaus. så godt som fullført, og ein berre sit og veit kva ein har i vente.
nett no skulle eg ønske at det var idag eg var ferdig med siste eksamen, og at mamma, sofie og tormod kom hit på denne onsdagen. men det er mandag om tre veker. eg veit at tida vil renne vekk så fort eg gjer slepp på tanken, men inntil vidare slepp eg heller fleire sukk, og sutrar over at eg ikkje er heime på sjølvaste 17.mai.

la gå, spara berre endå meir grunnlovsdag til neste år. go russ 2012!

søndag 8. mai 2011

ting dei fleste ikkje veit om meg

- eg har hinsides svake armar, og manglar krafta til å eingang klare jentearmhevingar. eg skal ikkje eingang nemne benkpress..
- eg kan ikkje hugse å verkeleg ha sakna nokon, er nesten som om eg ikkje har den evna. sjølvsagt kan eg lengte etter, eller glede meg til å sjå folk att, men ikkje på den måten.
- det verste eg veit er lyden av folk som pussar tennene. er det ein ting eg absolutt ikkje talkar er det det!
- eg klarar aldri å skjule det om eg er sur. anten eg sit heilt stille som ein vanskeleg unge, eller let sinnet på utløp over ein stakkar, trur eg alle rundt legg meir eller mindre merke til det faktum at eg ikkje er blid.
- eg hadde alltid gifteplanane klar då eg var yngre. lenge var det ben i a1 som var den utkåra, før eg tilslutt gjekk meg lei han og satsa på megabryllaup med alle i westlife istaden. må få presisere at det her skjedde for over ti år sida, hahaa.

vi hadde vore eit lekkert par då, admit it.

- eg har spelt hardingfele lenger enn eg har kunne rekne. eg gjekk visstnok gladleg med på å lære å spele, dagen etter at ein i sesam stasjon gjorde det på barne-tv. smart mor - altfor lett påverkeleg 5-åring.
- eg EIG ikkje konkurranseinnstinkt, noko som derfor fører til at om eg trur eg taper gjer eg heller opp.
- eg er lettlurt, lettskremt, lett fornærma og lettare overtruisk.