søndag 8. mai 2011

eg, myndig? hahahh





ettersom eg ikkje har skrive på over ein månad, har både eitt og anna skjedd sidan sist. eg har blandt (heite da blandt eller blant?) anna hatt tidenes lengste påskeferie i tillegg til å fylle atten år. konkludera med at alder faktisk berre er eit tal, fordi eg føle meg jaggu ikkje så gammal som passet mitt no vise.

å bli atten var forresten ikkje så gale som eg først frykta. eg forventa å finne meg sjølv liggande å hylgrine i fosterstilling kvelden før, men heldigvis for naboane (og sjølvfølelsen min) hamna eg ikkje opp hulkande som eit forlatt dyr.

som ein kan sjå på bileta over, mangla det ikkje på dekorasjonar når ein fyller år her borte. i tillegg til bordpynt og banner var kjøkkenet dekorert med bamse og ballongar all over. som om det ikkje var nok, var matpakka mi den dagen overlessa med små greie (paljetta eller nåke) med min nye alder på. som toppen av kaka fekk eg eit sånt badge som sa "18 today" som vertsmor forsøkte å tvinge på meg på skulen. ho mislukkast heldigvis, hahaha.

nett no kom eg forresten att frå kino. såg thor i 3D. må sei han ikkje akkurat var ill å sjå på, heee-he. uten å bli for wannabe-filmkritikar kan eg sei så mykje som at filmen i seg sjølv var litt halvveis bra, men om ein delar tankegang med meg (så lenge det er heite menn på lerretet funkar alt), så var den absolutt dugande.

merkar særs godt at den siste tida verkeleg flyg av garde, spesielt når mykje av den går med til øving til eksamenar. eg har heile seks stykker, kor halvparten av dei er matte. JIHA! det er berre rundt fem veker att før eg returnerar til norge no, noko eg trur vil bli veldig bittersøtt. før den tid har eg forresten enda ein ferie, hehehhe (rekna med du smilte godt når du las det, MARITA!)

føle eg herved har gjort opp for fråveret mitt, og legg oppgåva over i hendene på dåke som lese. eg veit dåke fins der ute (med mindre det sit ein galning og besøkar sida mi fleire titals gongar dagleg, haha), så vis det! om ikkje snakkar vi fleirfoldinge månadar før eg delar det interessante livet mitt med dåke att :)))))))))

6 kommentarer:

  1. herreguuuud har du ein ferie til!? eg kjenne eg blir frustrert her...

    SvarSlett
  2. hehhehehe. EG SKAL TIL SKOTTLAND DÅ! blei du meir frustrert no?

    SvarSlett
  3. No har eg vertfall lest bloggen din etter gammalt! Har glømt alt som heite BLOGG i da sista eg :O eg går berre rundt å vase no om dagen, veit ikkje om da e sundt å gå på musikklinjo....

    Grattis med 18 igjen :) faktisk i detta øyeblikk, kan da virka som om du e TO år eldre enn meg, men da kan du berre glømma! :)

    SvarSlett
  4. tre eksamener i matte? hvordan er det mulig?! :O og hvordan kan man UNNGÅ dette?

    SvarSlett
  5. Høyres ut som du fekk meir feiring i England enn du ville fått her heima :-) Syns da med matpakken og badge'n var toppers :-D

    SvarSlett