torsdag 31. mars 2011

eg lika torsdaga

til vanleg er ikkje eg ein person som går rundt og er skikkelig superglad (haha, det fekk meg til å høyres skikkelig emo ut), men det er noke med torsdagar her borte som endra på det. to fritimar på skulen, fint vêr, etterfulgt av å poste brev til mamma, fikse neglene og stikke på costa for å drikke kaffi hjelpe virkelig på humøret. i tillegg er det berre ni dagar til påskeferie! aaaah, eg elska det å vere glad sånn uten grunn.

dåke veit ho gamle dama som slo ned dei fem fyrane med veska si då dei prøvde å bryte seg inn på den klokkebutikken her i northampton? haha, eg møtte ho da eg gikk til skulen for to daga sidan. kul dame! igår var eg forresten på tur med biologi-klassen min til university of northampton. vi var på forelesning med ein professor fra oxford som snakka om hjernen. kult!

har eg forresten sagt at bussen vår passera ein fyr som ligna HEILT på han her sånn kvar morgon? herregud, alle jentene sitte og sikla, hahaha.

sjekk negla lizm!
forresten, SJÅ KOR LANGT HÅRET MITT ER. skal innrømme at det er fullstendig flisete og at haue mitt er snudd oppover på bildet for at det skal sjå ein smule lengre ut... but still, langt for svarte!
wææ - ein ting til! då vi var på veg til universitetet igår sant, så skulle eg vise ei i klassen min kor dei tidlegare vertsforeldra mine jobba (viste ho det fordi eg eg er skikkeli nervøs for at dei kjem gåande ein gang eg venta på bussen ved stoppet nedanfor arbeidsplassen deiras. hadde vore sjukt kleint), og JAMMEN sto det ikkje ei dame med ryggen til, kort, brunt hår og ein sigarett i handa utanfor. vedda sparekontoen min på at det var eks-vertsmor.

lørdag 26. mars 2011

meg og england nett no

  • har eg sagt at eg bur rett ved sida av ein bråkete somali-bar? håhå, på den andre er det forøvrig eit senter som tek inn ville ungdomma som knuse flaske og kasta maling og sånt ut av keisamheit. fint.
  • viss du googla "northampton panther" finne du masse bilde av det som liksom skal vere etterkommara etter pantera på 1800-talet som visstnok vart sluppne laus då det vart forbode å ha dei som kjæledyr lengre.
  • det har ikkje regna her sidan starten av mars, og veret er så bra at folk sprada rundt i shorts og sandala som om det var juni. høyre det nett snødde heime? hehehehhehehee:)
  • eg er atten om sånn trettiåtte dagar eller nåke, og grua meg. det er så vaksent! for å toppe det heile foreslo pappa at eg skal få pengar til FØRARKORT i gåve....
  • istadenfor kvinnedag den 8.mars, har britane pannekakedag. dei har tilogmed pannekakeløp, der ein må springe med ei panne i handa, og snu pannekaka oppi.
  • eg har NI skuledagar i april!
  • alle som trur at engelske hus har teppelagt bad har rett - vi har akkurat fått flisgolv her i huset, moderne lizm.
  • eg bur så langt i frå havet som faktisk mulig, og gleda meg derfor vilt til å sjå vestlandskysten att når flyet går inn for landing i bergen.
  • eg har gått i eigne kle på skulen TRE ganga her borte, det er berre lov når skulen deltek på veldedigheitsarrangement som feks red nose day. då må ein betale for å komme inn på skulen. pengane er for ei god sak sjølvsagt, men heile greia er litt latterleg med tanke på at heime kan ein komme i pysjamas eller undertøy liksom. sist gang deltok heile skulen, og då fann eg ut at sånn 1995-guta tydlegvis går med så tette jeans at dei faktisk ser malt på ut. forestill deg dei her x5.

søndag 20. mars 2011

ny familie og framtidig karriere sooom...

bilvoksar! neida. men på lørdag så pussa eg og nanna bilen til vertsmor, og herregud så tungt arbeid det var! seie litt om kondisen eins når det tek på å dra ei fille over ein bil liksom. trur heller aldri eg ha følt meg så harry som då vi gjorde det, bilvoksing i ein garasje med altfor høg musikk, hahaha.
for det som gjeld vertsfamilie, kan eg med glede sei at eg blir verande her i huset ut juni. så no bur eg med ei skotsk vertsmor, dottra hennar, og nanna. huset er digert og sentralt, og det er berre få minuttar til både park, kjøpesenter og togstasjon.

for akkurat ei veke sidan vart nanna 17 år (ho klagde i eitt sett over at ho blei gammal, og eg berre takk for deen!), og ho fekk seg segsjøl i kakeform, hhohooh!

apropos park - sjå kor svær og fin! kjem til å sakne den.


det har forresten vore så varmt at vi har gått dit berre for å sitte i sola og få fregner, haha. herlig!

talet på dagar før eg er ferdig her i england synk drastisk, og vekene flyg av garde i ein sjuk fart. det er berre 86 dagar att før eg sit på flyet heim. i tillegg har vi eksamena IGJEN om berre sånn 6 veker, og nesten heile april fri. ikkje at eg orka å kalkulere meg fram til kor mykje som gjenstår om ein tek ifrå det, men det er alt anna enn masse.

fredag 4. mars 2011

klarakje bestemme meg om det å skype med katten sin e søtt eller berre sinnsvakt tragisk..

sola skinne som berre svarte her i northampton, trea starta å bli grøne, norge tok gull og alt e berre velstand. for første gang idag gjekk eg ned handlegata og følte meg SKIKKELI heime her. likada!no skal eg snakke ferdi med dei søte søskena mine, før eg springe og handla da her for å stappe det i håret mitt, hehehhe. imens kan dåke gå inn her og sjå om dåke klara å få dama til å snurre andre vegen, hoho.

onsdag 2. mars 2011

viss eg kunne velje nett no..

..hadde eg stukke tilbake 5 år i tid, på skjæret med helga og heidi, dei ufyselege kleda våre og den sjølvfanga halvsteikte torsken.

..eg hadde stukke til skulen i dale og tatt eit dusin halvfæle bilete med mobilen til marita.
..eg hadde tatt meg ein snartur innom galtvort.
..eg hadde gått litt lengre på ungdomsskulen, og sett meir pris på det.
..eg hadde stukke heim og spandert ein smask på veslebror.
..eg hadde tatt eit nattbad i fossen med heidi som selskap.
..eg hadde lugge på ein sofa på mokurs, sliten etter ein lang dag sjølv om klokka var maks 2.

..eg hadde gjenopplevd muse-konserten frå i sommar.
..men helst av alt hadde eg gått tilbake til januar 2007, og spurt mamma om korleis i heitaste ho lot meg gå på nyttårsball iført noko som liknar ein........... hesleg nattkjole. mildt sagt. særs mildt sagt.