onsdag 2. mars 2011

viss eg kunne velje nett no..

..hadde eg stukke tilbake 5 år i tid, på skjæret med helga og heidi, dei ufyselege kleda våre og den sjølvfanga halvsteikte torsken.

..eg hadde stukke til skulen i dale og tatt eit dusin halvfæle bilete med mobilen til marita.
..eg hadde tatt meg ein snartur innom galtvort.
..eg hadde gått litt lengre på ungdomsskulen, og sett meir pris på det.
..eg hadde stukke heim og spandert ein smask på veslebror.
..eg hadde tatt eit nattbad i fossen med heidi som selskap.
..eg hadde lugge på ein sofa på mokurs, sliten etter ein lang dag sjølv om klokka var maks 2.

..eg hadde gjenopplevd muse-konserten frå i sommar.
..men helst av alt hadde eg gått tilbake til januar 2007, og spurt mamma om korleis i heitaste ho lot meg gå på nyttårsball iført noko som liknar ein........... hesleg nattkjole. mildt sagt. særs mildt sagt.

4 kommentarer:

  1. "særs mildt sagt" hahaha likte den!

    SvarSlett
  2. Kjolen var ikkje etter min smak, men du likte den :-D Du er fin om du går i nattkjole eller finare kjole!!!! Ser du ikkje kor fornøgd du var med antrekket?

    SvarSlett