fredag 2. juli 2010

VERTSFAMILIE!

Etter å ha venta på svar sidan i vår, har eg endelig fått vertsfamilie! Herlig å vite kor eg skal, og kven eg skal bu med. Veit ikkje alt enno, men skal iallfall bu hos eit ektepar i byen Duston, Northamptonshire (ein time frå London!). Eg får ei finsk vertssøster, og i tillegg har vertsforeldra mine fire barn, tolv barnebarn, og ein hund, hihi:) Familien er visst Liverpool-fans, og dei har mange interessa som passa fint med mine.

Huset (om ikkje google maps tek heilt feil)

Skulen eg skal gå på heiter Duston Upper School, og ligg 15 minutt i gåavstand frå huset mitt. Den skulle visste vere veldig god, og tilbyr masse fag. På skulen er det påbudt med skuleuniform, og då snakka vi ikkje antrekk som dei i Home and Away, men blazer, skjorte, bukse/skjørt, flate sko og strømper! Trøysta er jo at alle andre må gå i det samme, haha. Dei har veldig klare reglar for kva som er lov og ikkje. Til dømes er dongeribukser, ballerinasko, synlege smykker ikkje lov. Have a look. I følge kalenderen deira, er fyrste skuledag 2. september. Om nokon syns det var seint, kan dåke trøyste dåke med at skulen i England sluttar ikkje før i enden av juli, om eg har forstått det rett. Auch.

Andre av dåke som skal til England som må ha uniform?:)