søndag 20. mars 2011

ny familie og framtidig karriere sooom...

bilvoksar! neida. men på lørdag så pussa eg og nanna bilen til vertsmor, og herregud så tungt arbeid det var! seie litt om kondisen eins når det tek på å dra ei fille over ein bil liksom. trur heller aldri eg ha følt meg så harry som då vi gjorde det, bilvoksing i ein garasje med altfor høg musikk, hahaha.
for det som gjeld vertsfamilie, kan eg med glede sei at eg blir verande her i huset ut juni. så no bur eg med ei skotsk vertsmor, dottra hennar, og nanna. huset er digert og sentralt, og det er berre få minuttar til både park, kjøpesenter og togstasjon.

for akkurat ei veke sidan vart nanna 17 år (ho klagde i eitt sett over at ho blei gammal, og eg berre takk for deen!), og ho fekk seg segsjøl i kakeform, hhohooh!

apropos park - sjå kor svær og fin! kjem til å sakne den.


det har forresten vore så varmt at vi har gått dit berre for å sitte i sola og få fregner, haha. herlig!

talet på dagar før eg er ferdig her i england synk drastisk, og vekene flyg av garde i ein sjuk fart. det er berre 86 dagar att før eg sit på flyet heim. i tillegg har vi eksamena IGJEN om berre sånn 6 veker, og nesten heile april fri. ikkje at eg orka å kalkulere meg fram til kor mykje som gjenstår om ein tek ifrå det, men det er alt anna enn masse.

4 kommentarer:

  1. Bilvoksar er jo midt i blinken for deg! ;)

    SvarSlett
  2. Hahaha, det var meg. Robert :p

    SvarSlett
  3. hahaha, ska heller ha det som plan b om alt anna går i vasken:D

    SvarSlett
  4. Gledar meg til å gå/jogge i parken :-) Å gå rundt i byen med deg....

    SvarSlett