lørdag 26. mars 2011

meg og england nett no

  • har eg sagt at eg bur rett ved sida av ein bråkete somali-bar? håhå, på den andre er det forøvrig eit senter som tek inn ville ungdomma som knuse flaske og kasta maling og sånt ut av keisamheit. fint.
  • viss du googla "northampton panther" finne du masse bilde av det som liksom skal vere etterkommara etter pantera på 1800-talet som visstnok vart sluppne laus då det vart forbode å ha dei som kjæledyr lengre.
  • det har ikkje regna her sidan starten av mars, og veret er så bra at folk sprada rundt i shorts og sandala som om det var juni. høyre det nett snødde heime? hehehehhehehee:)
  • eg er atten om sånn trettiåtte dagar eller nåke, og grua meg. det er så vaksent! for å toppe det heile foreslo pappa at eg skal få pengar til FØRARKORT i gåve....
  • istadenfor kvinnedag den 8.mars, har britane pannekakedag. dei har tilogmed pannekakeløp, der ein må springe med ei panne i handa, og snu pannekaka oppi.
  • eg har NI skuledagar i april!
  • alle som trur at engelske hus har teppelagt bad har rett - vi har akkurat fått flisgolv her i huset, moderne lizm.
  • eg bur så langt i frå havet som faktisk mulig, og gleda meg derfor vilt til å sjå vestlandskysten att når flyet går inn for landing i bergen.
  • eg har gått i eigne kle på skulen TRE ganga her borte, det er berre lov når skulen deltek på veldedigheitsarrangement som feks red nose day. då må ein betale for å komme inn på skulen. pengane er for ei god sak sjølvsagt, men heile greia er litt latterleg med tanke på at heime kan ein komme i pysjamas eller undertøy liksom. sist gang deltok heile skulen, og då fann eg ut at sånn 1995-guta tydlegvis går med så tette jeans at dei faktisk ser malt på ut. forestill deg dei her x5.

3 kommentarer:

  1. fiint bilde av deg! :)

    SvarSlett
  2. Likar så godt når nokon seie du likna på Angelina :-D (helst eg som seie da...)

    SvarSlett
  3. pannekaker > kvinner

    yeeeah shrove tuesday

    SvarSlett