mandag 16. mai 2011

det är så det ska vara

eg bite negle, sukka og ser bort på mattebøkene mine som ligg åpne. bite litt meir negle, får munnen full av glitterneglelakk, og sukkar på ny.
det er sjølvaste nasjonaldagen heime om berre nokre timar, og her sit eg, hundrevis av mil vekke - lei av det meste.
lei av matte. lei alle eksamenane mine før eg har hatt dei. lei av at siste tida her berre er nedteljing, og at eg tek meg sjølv i å vente. lei av ekkel luft og eksos. lei av å vere lei.
eg er trøtt og sliten no, og vil berre at tida skal fly endå fortare. ikkje misforstå - eg har det upåklageleg her, og ingenting er gale. det er berre denne siste tida som verkar så endelaus. så godt som fullført, og ein berre sit og veit kva ein har i vente.
nett no skulle eg ønske at det var idag eg var ferdig med siste eksamen, og at mamma, sofie og tormod kom hit på denne onsdagen. men det er mandag om tre veker. eg veit at tida vil renne vekk så fort eg gjer slepp på tanken, men inntil vidare slepp eg heller fleire sukk, og sutrar over at eg ikkje er heime på sjølvaste 17.mai.

la gå, spara berre endå meir grunnlovsdag til neste år. go russ 2012!

5 kommentarer:

  1. Nei, er ikke ferdig enda :-) Er tilbake i England nå, jeg var bare en tur hjemme i min lillebror sin konfirmasjon :-)

    SvarSlett
  2. Ver så snill og "tune" inn på ein anna kanal! Kos deg kvar dag som er att (sjølv om eksamenane ikkje er det kjekkaste som fins)

    SvarSlett
  3. vi landa i england på ein onsdag, ikkje mandag. :-)

    SvarSlett
  4. eg veit da, skreiv da til og med. siste eksamen e på ein mandag, smartypants ;)

    SvarSlett
  5. Håper du dro til London på nasjonaldagen; der er det mer 17.maifølelse enn i selveste Norge!! Forstår godt at du bare venter og venter på å få komme hjem nå, det er sånn den siste tiden er. Men jeg kan love deg; hjemme er ikke sååå spennende som det du tror, så ikke bli skuffet når det har gått noen uker og du bare vil tilbake til England :)

    Nyt den siste tiden din <3

    SvarSlett