onsdag 8. juni 2011

ei veke

idag sat eg sånn her, med åpen, tom koffert og streng beskjed frå mor heime om å starte pakkinga.


igår hadde eg siste eksamen i engelsk, og idag drog eg til skulen for siste gong som elev og leverte inn alt av bøker, og sa hadet til lærarar og elevar. vemodig, men gjekk greitt. det er så sinnsvakt merkeleg å tenke på at så mange månadar har gått sidan første skuledag, og at allereie imorgon sit mamma og to søsken på flyet hertil.

sidan anna reise på torsdag, hadde vi eit siste måltid (haha, herregud, høyres ut som ho sku dø) med ho, vertsmor og tutoren frå skulen. så merkeleg at om berre dagar er alt over!


ei veke, så er eg heime.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar