torsdag 7. oktober 2010

gutar, paraplyar og new zealand

for alle jenter som lika direkte gutar; stikk til england! ein ting ein verkeleg legg lett merke til er forskjellen på engelske og norske fyra. her er dei smilande, åpne, kontaktsøkande og kanskje litt vel dirkete og rett på sak, for ikkje å snakke om at dei faktisk kan kle seg. (norskegutarerforsatthøgreogmykjefinare). veit ikkje om dåkke andre utvekslingselevar er einige, eller om det her er nåke som berre skjer her nede, menmen.

forresten, eg har høyrt to ting som hadde gjort meg ein smule bekymra om eg hadde fått vite det FØR eg reiste hertil. den første er at northampton tydlegvis er kåra til byen i england med styggast folk, og den andre er at det er staden med flest tilfeller av hiv/aids i heile landet eller nåke sånt. hjelpes!

england er forresten forsatt veldig vått og mørkt. her blir det mykje fortare mørkt om ettermiddagane enn heime. igrunn utrulig deprimerande å vakne til regn og vite at eg må gå til skulen med ein herpa paraply sidan eg ikkje har gidda å invistere i ein ny ein, haha. trur det er ein miks av hard, drepande skule og deprimerande haustver, men merkar at eg somme gonger saknar norge litt. det som får fram saknet meir enn nåke anna, er å gå ute og kjenne lukta av at folk fyrer i ovnen. fysøren så eg gledar meg til norsk jul kvar gang det skjer!

eg hadde forresten forventa mykje fleire rare spørsmål her borte, men som regel kjem det

"do you speak english or norwegian in norway?" heheeja. ka du trur?!

og

"are all people in new zealand this tall?" eg veit ikkje, eg er norsk..

5 kommentarer:

  1. Når da gjeld veret så har du faktisk vore svært heldig. Har følgt med på veret der. Hadde vi hatt så fine temperaturar og så mykje sol som du har hatt i september - så hadde vi jubla :-) Vi har hatt fint inni mellom, men da har vore grasat vått her.

    SvarSlett
  2. okey, fyst av alt: en pluss en kan fort bli tre, bruk kondom og unngå det.

    sånn, då va den grei

    hahaha, lal, du bur med landets styggaste befolkning,hahahah!

    og btw, viss du fortatt bruke gummi unngår du lætt hiv og aids og, so du ska berre slappa av!

    du burde kjøpt deg ein ny paraply

    eg og gleda meg te jul no

    (btwliktedaduskreiviparantesenifysteavsnitt,davarma)

    hæst?

    SvarSlett
  3. "...kanskje litt vel dirkete og rett på sak" Mislika når folk er dirkete also:) Håpar du har det bra forresten!

    SvarSlett
  4. haha, fins grenser for kor mykje ein brasa ut med til folk ein eigentleg ikkje kjenne! går fint her ja, bortsett frå at eg sånn cirka drukna i skule:) der då? du får kustus på rogalands-ungdommen? tippa dei ikkje måla seg med dei heimante, hehee!

    SvarSlett