onsdag 19. januar 2011

kom våår, kom!

idag er eg blid og nøgd engelsk skulejente. viss du ikkje har sett ei før, ser vi cirka slik ut.

eg er ferdig med alle eksamenane for no (ignorera dei fem eg har til sommaren, sånn for no iallfall, hehehhe), eg fekk norsk sjokolade og kort i posten fra verdens beste mamma, og eg fann nett ut at eg har tjue (TJUE FOR SVARTE) fridagar i april. eg blir bra flau om eg har telt feil no.

dei gule dagane er påskeferie. jihaaa!

nett no sit eg og vurderar ka eg skal gjere dei sytten dagane av påskeferien. innrømme at det freista med ein tur til norge, men ingenting er avgjort endå. elska fridomen ein får ved å vere utvekslingselev her, ein kan reise friare enn ein vanlegvis kan iløpet av eit utvekslingsår. mange vil sikkert sei at det å kunne tilbringe feriar heime er å øydelegge året, og på ein måte er eg einig, men samtidig er eg takksam for at eg har sjansen. om ein til dømes ikkje har den ideelle vertsfamilien er det supert at ein kan ta ein pause ved å reise heim til dei som verkeleg bryr seg om deg.

heilt ufatteleg å tenke på at over halve opphaldet er gjennomført, og at eg veit allereie no kass junidag eg landa i norge att. eg vert nesten stressa, endå mykje å sjå og gjere, med under fem månadar att.

sjølv om det allereie er varmare vêr her, er det endå januar. stygg månad! einaste eg kan sei no er vår, få ræva i gir!

hehehhe eg lurte forresten ein i klassen min med at vi i norge bur i holer og fanga vår eigen fisk. han må tru eg e dritgal no!

2 kommentarer:

  1. han fyren er dum..

    SvarSlett
  2. Kjekt å sjå deg på skulen :-D Fint kledd jenta! Må nok sjå langt etter våren her.....

    SvarSlett