tirsdag 16. november 2010

sidan sist har eg

..tatt lekre bilete av meg sjølv som dåke kan sikle over som plaster på såret for at eg oppdatera sånn ca ein gong kvart tiår..ete dødsgod kjede-butikk sushi, mmmm..tatt fleire hinsides lekre bilete, og delt minimal dobbelseng med desse to
..noko som forøvrig ikkje enda i anna enn midlertideg kronisk ilt i rygg og nakke, og småkjefting fra finsk vertssøster medan ho var i halvsøvne. ehehhe, koseleg.

sidan sist har eg og latt min kjære bror fått fri utfalding for å teste fotograferings-skillsa hans..
noko som endte med at eg berre tok det ifrå han fordi han mildt sagt saug litt, eehehe. for dei som ikkje veit det er det her min kjære far og bror som besøkte meg da dei skulle til england på arsenal-kamp (dei tapte forresten, så det var ein smule fail)
i tillegg fann eg norsk vatn! lykkeeeee. det var dødsgodt, samanligna til badebassengvatnet i kranane her. fysj!
idag spelte dei forresten aha på skulen i kantina, og eg berre wooooh! merka kor lite det skal til før eg blir mega-patriotisk og sitte og glise som ein dust i matpausen fordi dei spela norsk åttitalsmusikk, hoho.

eg hadde forresten mock exam i biologi idag, noko som gjekk ..vel. lat oss berre sei eg er glad det er overstått. det var forresten som tatt ut av ein film! heile main hall-en var full av elevar som satt på rekker, pult for pult og hadde eksamen heilt musestille. eg satt på nest fremste rad, og kvar gang eg såg opp møtte eg liksom trynet til ein gretten lærar som nesten var på nippet til å be meg dra auga mine ned att i biologien. herregud, paranoid mann! uansett, endå matte, psykologi og engelsk att før eg kan senke skuldrane (sjølv om dei eigentleg er bra senka no og) og slappe av. imorgon er det berre ein månad att til siste skuledag før jul! tida går dødsfort her.

haha, må forresten sei nåkke som skjedde på skulen her ein dagen. nåken av gutane i sixth form går rundt med sånn her tulle-godteri som visstnok skal smake ein miks av drit, gammal ost og løk som dei bestikke folk til å ete. dei som klara det får liksom £10. ein sånn gingergutt va så DUM at før eg visste ordet av det sprang han rundt som ei hovudlaus høne, før han kom bort til meg og berre "KA E DA HER??!" eg berre såg dumt på han og fortalte han at eg ikkje hadde peiling, før han sprang til næraste bossbøtte og sto der og sleva over den til klokka rang.

eg har forresten fått endå ein uvenn her! foretrekke faktisk den sure passe-på-at-folk-betala-doen-dama i london framfor den vesle (i alder, ikkje i storleik) portugisiske krabaten som har lagt alt sitt hat på meg etter at eg sa ifrå til læraren min om at han forstyrra timen. her i england er det nemleg vanleg at bråkete dretunga vert plasserte i andre klasserom med eldre elevar ut timen, der dei må sitte i ro og arbeide, men ikkje SØREN om han her gjorde det! han satt og skribla og slo fingrane i bordet, klappa, klagde over kor kjedeleg det var og lo for seg sjølv på ein enormt irriterande måte. han fekk tilsnakk av mattelæraren min sånn annakvart minutt, men gav seg ikkje. eg enda opp med å gje han dødsblikket mitt, og da det ikkje gjorde nytta så sladra eg enkelt og greit på han. etter det har han komme til meg fleire gangar og berre "du sladra ikkje på meg igjen" med sånn wannabe-mafia-tonefall. heilt seriøst, trur eg skal høyre med dei gutane på skulen kor eg kan få tak i dei der ekle dropsa slik at eg får proppa dei i trynet på han. he's got some nerve.

9 kommentarer:

  1. hahahahahha, digger deg, Hanne! Liker at du sladret :D jeg hadde også blitt ganske patriotisk kjenner jeg :D klem<3

    SvarSlett
  2. hahha, ikkje sant?! sladring må til mot sånne (a) det trur eg og du hadde blitt, hhihi:)

    smask&dask, beste<3

    SvarSlett
  3. Hey! Jeg kjøpte meg isklar her om dagen selv -- go Norge!! :D

    SvarSlett
  4. Hanne, eg forguda dødsblikket ditt!

    SvarSlett
  5. haha flott! da forguda deg og. neidaa

    SvarSlett
  6. Badebassengvatn! Den var svært beskrivande :-D Må passa deg for den britiske-mafia-guten. Når ikkje dødsblikket ditt hjelper er du ille ute....

    SvarSlett
  7. mmmh! sjukt mykje klor i det! hahaha, jada. skal vere på vakt;)

    SvarSlett
  8. Hahaha Hanne! er blir i skikkelig godt humør av å lese det du skrive :D skummel eksamen forresten, trur eg hadde fått angst eller noke.

    SvarSlett
  9. hahahha BRA marie:D hahahahja, va litt fælt. menmen, iallfall ferdig no!

    SvarSlett