onsdag 24. november 2010

grunnar til at gjensynet med mamma sin mat vert fantastisk

  • når vertsmora vår lagar spaghetti er den kjøpt ferdigkokt i porsjonspakningar og vert varma i mikroen → den smakar mindre enn ingenting.
  • dei veit ikkje kva krydder betyr. greit nok at norsk mat ikkje er særleg krydra i utgangspunktet, men eg har vakse opp med mor og tanter som berre ausar på.
  • dei et chips (pommes frites) til ALT!
  • brødet deira er på grensa til gjennomsiktig og ikkje veldig mettande.
  • dei har oransj ost i porsjonspakningar som smakar alt anna enn ost.
  • dei putta sjokolade i kjøleskapet! (herregud, føle enorm trang til å redde den norske konfekta som ligg og døyr sakte men sikkert der inne. rip)
  • dei har berre heilmjølk. som om ikkje alt det andre her inneheld nok feitt.
  • dei et crisps (chips) heile tida. ein av dei første dagane her, da eg og anna kjøpte lunsj på subway såg dama som jobba der på meg med eit blikk som om eg var delvis hjernedaud fordi eg sa eg ikkje ville ha ein gratis pose crisps til maten min.
keep in mind at det her gjeld mykje av det vi får servert her i huset vi bur, og at ikkje all mat her er dårleg (trekke sikkert litt ekstra ned at ein her i huset må sjekke middagen for hår i maten etter eit par tidlegare slike funn. ESJ). dei har betre fiskepinnar enn norge, gode kaker, og verdas beste sandwichar frå M&S.

hoho, første gang i england for to år sidan saman med ein høgt elska sandwich.

haha, for kanskje ein månad sidan kom forresten slekta her med tacoskjell og krydra kjøttdeig, kry som søren og trudde dei serverte oss noko enormt revolusjonerande. då dei i tillegg starta med å forklare oss korleis vi forbereda eit tacoskjell så berre, eeeh.. følte mest for å tippe salsaen over hovuda deira og sei at taco var nytt og spennande for eit par tiår sidan, meen sida det sikkert hadde fått sine konsekvensar fann eg ut det var best å la vere :-)

eg og anna har snakka om å lage noko her, men kva ein skal velge er litt vrient. vi enda på skillingsbollar etter at vertsmor uttalte at ho eingang ikkje hadde rørt (!!) pastaskruane ho lagde til oss, fordi ho hatar å prøve nye ting. gjer oss ikkje eit veldig godt utgangspunkt, sånn igrunn.

men herregud, nok syting. det er trass alt berre tre og ei halv veke til eg vert foreina med grovbrød, kjøtkaker, graut (herregud kan ikkje tru eg saknar graut av alle ting), lettmjølk og ikkje minst julemat att. i mellomtida må eg springe og ete english tea. marvellous!

5 kommentarer:

  1. Vel, vel Hannemor - tenk om det finst naboar der borte som kan norsk og les bloggen din......Då er det vel eit spark i ræva og ut døra tenkjer eg :).

    SvarSlett
  2. tenkte tanken papps, men skulle det vere bekjente av familien som kan norsk og er så slemme at dei seie ifrå får eg berre tåle det. hoho.

    SvarSlett
  3. haha, viss da skjer må du få nokken te å filma!

    eg trur ikkje eg kunne overlevd uten mamma/mormor sin julemat! O.O

    SvarSlett
  4. Mmm, vi skal ha potetstappe og pølse til middag i dag! neida.. eg skal ikkje vere så slem.

    SvarSlett
  5. hahaha du altså! du har allereie sagt da no xD tulling!

    SvarSlett