søndag 7. november 2010

bittersweet

å sitte ved vindusruta på bussen. å runde hjørnet med alle lavendelane. å komme inn ytterdøra medan ein ropar hei til dei der inne, slik at dei veit ein er der.

det er så rart å gjere sånne ting og vite at tidlegare samme dag gjorde ein eksakt det samme - berre ilag med to av dei som står deg nærast. to av dei som ikkje er ein del av kvardagen din, men som kjenner deg betre enn nokon andre rundt deg.

det er så rart å vite at dei plutseleg berre er ein liten time vekke, når ein har vendt seg til å vere så langt unna dei. det er då det er fint med venninner som trøystar utan vidare når dei ser på deg at det trengs.

det er like rart å sitte med kleda dei tok med som enno luktar som heime, handskrive kort fra mamma som ein nesten ikkje vil legge ifra seg og det å føle seg heime hos dei på ein bisarr måte fordi ein veit kor mykje dei bryr seg.

6 kommentarer:

  1. Blei trist når eg las dette :( saknar deg, hanne! <3

    SvarSlett
  2. åh, eg saknar deg og valgjerd<3<3 gledar meg til å sjå deg att!

    SvarSlett
  3. eg ska senda deg ein av sokkane mine som lukta Norge eg :D gonna b g00d

    SvarSlett
  4. Bittersweet e retta ordet jento mi.....

    SvarSlett
  5. Hvor skriver du dog smukt Hanne (-;
    (hvis jeg da har forstået dit norske korrekt!) Godt jeg mødte dig :-*

    SvarSlett
  6. nååh, TAKK kjære! i'm glad we both ended up here, hihi♥

    SvarSlett