torsdag 4. november 2010

psykologi

okei, må berre fortelle litt om favorittfaget mitt på skulen her borte, nemleg psykologi. det er så interessant, morsomt og lærerikt - men og utrulig tungt. skal innrømme at eg tok det i trua på at det var eit chill fag som var berre virka kult liksom. hadde rett i at det var kult, men chill? heheheh not really. anbefala verkeleg alle som kan å lære litt psykologi eingang, det er så utrulig annaleis fra dei vanlege faga både her og i noreg (pluss at du høyres rimeleg kul og intelligent ut når nokon spørr deg om faga du tek, og du svarar at du har psykologi).

eg trur læraren har veldig mykje å sei på korleis ein likar eit fag, og skulen her borte kunne søren meg ikkje truffe betre. psykologilæraren min her er må vere ein av dei kulaste og mest fascinerande menneska eg har møtt. med unntak av den kjære ungdomsskulelæraren eg hadde for nokre år sidan, toppar han lista over beste lærarar, lett. fyren er ein mann i slutten av førti-åra, med hestehale, som forøvrig selde huset sitt under finanskrisa, og bur i ei husvogn på eit jorde. han har drive med motorsport, er buddhist, og samlar på dokker og antikke sverd. han er flink til å surre seg vekk fra tema, og vi får heile tida vite nye ting om han - det eine meir overraskande enn det andre.

nett no lære vi om tilnærmingar og definisjonar av abnormalitetar (approaches to psychopathology and definitions of abnormalities høyres så sinnsvakt mykje kulare ut), så eg skal garantert heim og klassifisere vennane mine som abnormale i fleng! trur eg starta med ho her, ehehhe;
no er det forresten berre to dagar til pappa kjem på besøk! åååh det blir kos.
lisjebror kjem og. rekna med det blir eit kjærleg og fint gjensyn!
da eg bladde gjennom for å finne bilde fann eg forresten det her..
sei hei til katten min kaspar. ein dum ting som egentli ikkje lika kos eller menneske generelt. sei fra om du vil ha ein katt, kan få beistet mitt, ehhehehhehe.

6 kommentarer:

  1. ahhaha, takktakk xD åååh, faget høres dødskult ut :D og ikke minst læreren! haha :)

    Bra du har det kjekt <3

    SvarSlett
  2. kaspar lika kooos! det er berre du som ikkje lika han, og ikkje gidde å ta deg tida til han :D

    SvarSlett
  3. joda, eg har prøvd sofisen! berre han som e dum:(

    SvarSlett
  4. då lika han ikkje deg :D

    SvarSlett
  5. hahahaha! kan du klassifisera meg? :D (A)

    haha, du får helsa te brorn in når han kjem, og faren din as well!

    og so gjer eg alltid som du seie, soooo.. HEI KASPAR! :D

    SvarSlett
  6. Kaspar saknar deg so! Vi (Sofie og eg) hjelper han gjennom den tunge stunda. Vi tar han inn og snakkar med han - da likar han. Då dreg han inn klørne og purlar litt. Elles så søkje han vårt selskap når han kan ute. Han klatrar ikkje opp etter beina våre - så pusepanteren tar da som ein mann. Tøffingen vår ;-)

    SvarSlett