søndag 28. november 2010

oj, advent

"advent er ei kristen årstid som markerar førebuinga til juletida."
da eg fann ut det var første søndag i advent idag, så berre.... HERREGUUD! trudde forresten eg var sein med å finne ut av det, men då sånn tre stk pluss mamma berre "say whaat, advent?!" fann eg ut at eg kanskje ikkje var så treg i oppfatninga likevel.

heilt sinnsvakt at det allereie er adventssøndag, og at dagane til norsk jul kan teljast på fire hender. berre synd eg verken har adventsstake eller hugsa tenn lys-sangen (nesten urovekkande at eg ikkje hugsa den etter all tvangs-terpinga på våge skule, hoho).

tre veker til det her! (sjekk forresten den superkule nissen min. har hatt den sida eg va liksom.. anakje.)

igår reiste vi til town og møtte nanna. dei har norske juletre her! må so ta bilde av dei. uansett, vi stakk på costa og drakk mint-kakao (eller ikkje anna da, ho drakk vanlig som smakte heitt vatn med ei halv teskjei gammalt rett-i-koppen-pulver oppi) nåke som var døødsgodt! elska å sitte inne på kafea og sjå folk fryse og kjappe seg utanfor glaset. verkeleg givande (neida, er berre morsomt å flire av dei).

imåra har vi fri, og skal til milton keynes for å handle julegåver (prøve iallfall, anakje ka eg ska gje nåken liksom). planen var liksom å gjer det i london, men trur vi hadde blitt for distrahert av alt mogleg anna til å handle pakkar.

ha ein bra adventssøndag, og syng litt tenn lys for meg og!

8 kommentarer:

  1. åååh! gleda meg til du kjem heim!

    SvarSlett
  2. gleda meg masse eg og, snuppsiii! gjer litt utav dagen idag då, sånn som eg hadde tvinga dåkke til å gjere om eg hadde vore heime:)

    SvarSlett
  3. Har du gløymt adventslyset frå tante Maya? Kosa deg mykje i denna herliga tio!

    SvarSlett
  4. nei, men da e sånn at du brenne kvar dag i desember ;) mmmh, det skal eg!

    SvarSlett
  5. Har de sånn der første søndag i advent-opplegg i England? Jeg la ikke merke til det i så fall! :)
    Ææ, skummel julenisse! Creeeep-out!
    Liker budskapet på pepperkaken :)

    SvarSlett
  6. advent kom so plutselig! :O har du adventskalendar? :D

    SvarSlett
  7. haha eg veeeeeit! ja, har ein sjokoladekalender. vedda på du e får pakkekalender av di kule mor?:)

    SvarSlett