søndag 13. februar 2011

min mamma

min mamma er ho som alltid hadde raudt hår og sjølvteiken nasepiercing.

min mamma er ho som køyrer så fort at vennane mine held seg fast når dei må sitte på med ho. min mamma er ho som dansar ustoppeleg over heile kjøkkenet kvar gang ein song frå åttitalet kjem på radioen. min mamma er ho som alltid kyssa på dei furtne ungane sine til smilet kom attende.

min mamma er ho som syng for fullt til mika i bilen, og skrattler om ein vert flau over det. min mamma elskar alt av krimseriar, sjølv om ho er så pysete at ho spring ut på kjøkkenet kvar gang nokon vert myrda. min mamma er ho som ikkje klarar seg ein dag utan minst fire koppar te. min mamma er ho som gret like lett av glede, som av triste ting.

min mamma er ho som ville ha ein unge til, berre for å vise at hennar born også kunne komme velstelte på fødeavdelinga (etter at pappa tok med meg og bror min i fillete klær, fulle i jordbær for å helse på den nye systa vår). min mamma er ho som liksågodt fekk fire born på seks år. min mamma er ho som åpna heimen sin og vart vertsmor, og har tjue søner og døtre frå heile verda i tillegg til sine eigne.

min mamma er ho som både ler høgst, og brølar høgst. min mamma er hovudsakleg grunnen til at eg reiste på utvekslingsår. min mamma er ho som slår på dataen seint på kvelden, berre for nokre få ord med dottra si på andre sida av europa. min mamma er ein av dei sterkaste og mest inspirerande personane eg veit om.

2 kommentarer:

  1. Du er slagkraftig med ord jento mi. Eg kjenner meg så godt att :-D
    Tusen takk for alle dei fine orda som du set på alt da galna mor di gjer :-D
    Tuuuuusen takk for at du e jento mi

    SvarSlett
  2. åhåhååååw! dritkoslig :D

    SvarSlett