søndag 13. februar 2011

Nynorsk-hatarar

Fann ein tekst eg skreiv for nokre år sidan, og klarte ikkje la den ligge. Haha.


Er det noko som verkeleg provoserar meg, er det folk som påstår dei hatar nynorsk. Frå tid til anna snublar eg over grupper med dette synet, til dømes på Facebook. Sjølv om det i si heilheit er rimeleg provoserande, kan eg ikkje anna enn å flire når eg les dei useriøse, bitre og mest av alt sytete innlegga deira. For all del – mange av dei har så seriøse skrivefeil at eg forstår kvifor dei vender kinnet åt når dei høyrer snakk om nynorsk. Stakkarane slit jo med å fungere i det norske samfunnet grunna enorm mangel innan språkferdigheiter. Nesten synd i dei.


Men det er fleire enn slike analfabetar i desse gruppene. Ein skal ikkje leite lenge før ein finn drøssevis med furtne drittungar som ikkje har betre å ta seg til enn å rakke ned på nynorsk, og klage dramatisk over at den i heile tatt eksisterar. Desse utgjer dei mest patetiske folka i slike grupper. Du skal leite lenge før du finn ein austlending i skulealder som ikkje syt og brælar over at han eller ho må gjennomgå tentamen i nynorsk, og heile gjengen klagar som besatte for å sjå om sutringa deira fjernar skriftspråket frå skulesystemet.


Eg må berre seie ein ting; hadde eg vorte gitt makta til grunnleggaren av Facebook, Mark Zuckerberg, hadde eg kasta alle desse overhormonelle sutrekoppane på rumpa utav heile nettsamfunnet. Med tanke på at dei faktisk utgjer storparten av innbyggjartalet i landet, med ein gjennomsnittleg IQ på nivå med George W. Bush, vil eg seie at Noreg bevegar seg ut på tynn is.


Misforstå meg rett, eg har ikkje noko imot slike personar - dei har fått meg til å le høglydt ved fleire høve. Det eg har noko imot, er dei usedvanleg ynkelege argumenta deira og den uslege måten dei framstiller seg sjølv på. For all del, eg har fleire nære bekjente som nyttar bokmål, og eg gjentek meg sjølv – eg har ikkje noko imot «bokmålsfolk» generelt. Eg tykkjer dei er framragande, feiande og flotte folk (igjen, generelt), om ein ser vekk frå slike vesen som melder seg inn i hat-grupper mot nynorsk. Eg skal la vere å spørre om dei ikkje har betre ting og ta seg til, sidan eg sjølv sit her og legg trykk på mi personlege meining om saka, men det er lov å spekulere. Har kvar og ein av desse vorte mista med hovudet fyrst på hardt golv som spedborn? Kan det kallast ein medfødd feil? Eg berre spør.


Eg reknar med å få ymse tilbakemeldingar på denne ytringa mi. Alt ifrå «heregud, va feiler det degg?» til milde formar for drapstruslar og liknande koselege saker. Men eg skal reagere på desse slik eg reagerer på innlegga til medlemmane i hat-gruppene på Facebook. Eg skal flire hånleg, og spreie denne teksten til endå fleire slike grupper.


Før eg avsluttar vil eg klargjere to ting:

  1. Vestlendingar (ta bergensarar til dømes) som ter seg som stokk dumme austlendigar som på liv og daud vil utrydde nynorsk; Eg har eitt ord til dykk; Judas!

  2. Irriterande bokmålselevar som burde konsentere seg om skulearbeid i staden for å hate nynorsk så inderleg, og bannlyse den for at den trekk ned det allereie middemådige karaktersnittet dykkar; som nynorskelevar går vi gjennom det samme som de. Vi har tentamen i vårt sidemål – altså bokmål. Klagar vi? Nei. Eg gjekk ut med toppkarakter i sidemål frå ungdomsskulen - hadde de brukt brøkdelen av tida de kastar vekk på å ergre dykk over nynorsk på å faktisk lære den, hadde det kanskje (berre kanskje) vore eit realistisk karakternivå for dykk også.



22 kommentarer:

  1. For eit snodig innlegg. Sjølvsagt har nynorskingar lite imot å ha eksamen/karakter i bokmålet; det er jo svært vanskeleg å vokse opp utan å læra seg å skriva meir eller mindre korrekt bokmål, jamvel i vest. Og når såpass mange klagar over ein situasjon er det litt for dumt å påstå at det framleis ikkje finst noko problem.

    SvarSlett
  2. Hanneeeeeeeee! Sehr gut! Muy Bien! very good! Bokmålske nynorsk-hatarar e ganske tragiske. you go girl!

    SvarSlett
  3. "det er jo svært vanskeleg å vokse opp utan å læra seg å skriva meir eller mindre korrekt bokmål"

    Et sikkert tegn at bokmål har vunnet.

    I'm just sayin'.....

    Rave on, Hanne. Your passion is admirable.

    SvarSlett
  4. Hanne, eg har gått og irritert meg for detta i lang tid eg og... TAKK for denna teksten! Eg kjenne visse folk som til og med har budd her i dalen i 10 år, som hata nynorsk med ein gong vedkomne flytta ut av dalen og til Bergenstraktena... og som legge ut utallige innlegg på facebook om kor inst dei hata nynorsk.. teit! igjen TAKK! :)

    SvarSlett
  5. sv: Ja :-) Nynorsk ftw!
    Teksten din var konge skreve, og eg er einig i at skuleelevar burde fokusere på skulearbeidet i stadenfor å klage over nynorsken..

    SvarSlett
  6. Bra skrevet. Har bokmål som hovedmål, men har ingenting imot å lære nynorsk. Ganske sikker på at det har gjort meg bedre i staving. Dessuten er det et nydelig språk som jeg skulle ønske at jeg var bedre i slik at jeg kunne bytte =)

    SvarSlett
  7. aldri for seint å henta fram den lille nynorskingen i hjarta ditt :3

    SvarSlett
  8. Kjem frå nynorskkommune (på austlandet, tenk det), og kunne ikkje vore meir samd. Bur i Stavanger-traktene no, og her er det nynorskhat til dei grader. Trist!

    SvarSlett
  9. Kjenner meg grådig samd i det du skriv, har vore inne og sett på enkelt av anti-nynorsk-gruppene på facebook og det meste dei skriv der er jo berre tragisk! Trur ikkje det er nynorsken sin feil at dei er elendig i rettskriving, heller intelligensnivået ;-)
    Kjem sjølv frå ein meir eller mindre nynorsk kommune, Meland nord for Bergen, og her har det flytta ut ein del bergenserar. Og du må ikkje tru at me får han nynorsken i fred som før, neiddå. Her skal me prakkast på bokmål, rett og slett på grunn av at foreldra ikkje klarer å rettleie borna sine i nynorskopplæringa. Berre glad for at sambuaren min som personleg hatar å skrive nynorsk (fordi han aldri har lært det skikkeleg) meiner at borna våre skal ha nynorsk som hovudmål, koste kva det koste vil! :-)

    SvarSlett
  10. Dette er det beste innlegget jeg noen gang har lest!!!! vill du gifte deg med meg???????

    SvarSlett
  11. sjølvsagt er eg klar over at nynorsk aldri vil overta som det mest brukte skriftspråket i landet, men ver klar over at denne teksten var skrive som eit kåseri for omlag 2 år sida.

    takk for all tilbakemelding, spesielt støtta - den varmar nynorskhjartet mitt, haha :-)

    såklart markus, any day ;-)

    SvarSlett
  12. heregud, va feiler det degg?

    SvarSlett
  13. Utrulig bra innlegg:D Bur sjølv på austlandet no, men er fast bestemt på å halde på min nynorsk;)

    SvarSlett
  14. Synes du det er riktig at 85-90prosent av norges befolkning er påtvunget nynorsk fordi de resterende 10-15prosentene liker nynorsken?

    SvarSlett
  15. anonym1: tusen takk! så kjekt å høyre :D
    anonym2: sidan du spørr så dumt svarar eg deg likeså; ja.
    det eg skreiv var retta mot dei som påsto dei hata nynorsk, ikkje alle bokmålsbrukarar.

    SvarSlett
  16. Eg har stor vonleik for deg og dei fagre, kloke ord du legg på internett.

    SvarSlett
  17. Hi, eg er ikkje norsk, eg er fra Barcelona (Katalansk) og eg vil å lære norsk. I have read your text using google translator. I think that nynorsk is better for being able to write "your own language"... I mean, for what I have read, bokmål is very rigid and far away from most of norwegian dialects so when you write in bokmål is similar to writing in another language, am I right? If I ever come to live to Norway I will write in nynorsk. Men eg begynne å lære norsk nå eg bruke bokmål.
    About facebook groups. I think it would be fine a group called "jeg likker bokmål", men ei gruppe "jeg hater x" is destructive, no matter what x is.
    Marcel Skoumal i Canals, fra Barcelona (Catalonia).

    SvarSlett
  18. hi marcel. how great it is to hear that a person from barcelona wants to learn norwegian, and even knows the difference between nynorsk and bokmål. how did you come across norway?
    i wouldn't say writing bokmål is like writing another language, but it is quite different from certain norwegian dialects.
    i do agree with you, hate is a strong word, which i think most people don't consider when using it.
    good luck with the norwegian, and let me know how it goes. eg synast allereie du er særs flink!

    SvarSlett
  19. hei jeg liker dette innlegget og alle bør få velge sjøl, men det er snakket mye stygt om Bergen :(
    Stopp med det!!!!!!!!!!!!!!
    (Bergen er Norges fineste by)

    SvarSlett