onsdag 9. februar 2011

kort fortalt (okei.. det vart langt, men eg prøvde iallfall!)

sjølv om det ikkje er for lenge sida eg oppdaterte, har det skjedd ein god del frå sist gong av og til no. eg skal prøve å summere det opp kort, men kor bra det går veit eg ikkje.

det heile starta med at vi kom att etter jul, og ettersom dagane vart til veker, gjekk det meir og meir opp for meg og vertssøstra mi at familien vi budde hos trakk ned på heile året. eit utvekslingsår er ein unik moglegheit som ikkje alle får sjansen til å oppleve, og difor har vi begge lyst til å kunne sjå attende på det her som noko bra. sånn som situasjonen var der og då, var det berre eit problem - familien.

på grunnlag av dette kontakta vi leiinga av ef her i england, og toppsjefen starta så smått og leite etter andre familiar i nærleiken som vi kunne bu hos. det tok over ein månad før noko som helst skjedde, men så vart det litt meir fart på sakene. no måndag medan vi var på skulen kom vår kjære miss horne bort og sa at han mannen frå ef hadde kontakta familie av vertsforeldra våre. det var frå då av at ting verkeleg utvikla seg. det ingen visste var at mannen frå ef ubevisst hadde ringt søstra til vertsmora vår, og ho hadde sjøvsagt slått rett på tråden til søster si.

då vi kom att etter skulen den dagen vart vi bedt om å komme inn på kjøkkenet, og fem minutt etterpå visste vi at vi skulle flytte. med ein gang gjekk vi til romma våre og ringte læraren og foreldre før vi starta å pakke. alt skjedde så brått, og eg kan trygt sei at den dagen var ein av dei verste eg har hatt på enormt lenge. vi ville jo reise, men ikkje på den måten. vertsmora vår var heilt umenneskleg kald då ho gav oss beskjeden, og lot oss ikkje få noko som helst sjanse for å forklare eller diskutere ein einaste ting. det faktum at det var ein av ef sine eigne leiarar som øydela, er både patetisk og trist om einannan.

nett no bur vi hos venninna vår downtown, og nye familiar er fiksa. det skal mannen frå ef ha, sjølv om han rota alt til, så har han gjort sitt for å ordne opp i feilen sin. om alt går etter planen no, flyttar vi til kvar vår familie ein gong i neste veke. eg og anna kjem ikkje til å vere vertssøstre lengre, noko som er litt kjedleg sjølvsagt - men vi kjem derimot til å bu ved sidan av kvarandre, så så gale er det ikkje likevel.

eg skriv ikkje det her for å uroe ef studentar 11/12 (sjølv om dåke må vere klar over at ef er langt ifrå perfekte), eg skriv det slik at alle som les det her får vite alt som har skjedd i det siste. nett no kan eg ikkje anna enn å skrive under på at "what doesn't kill you makes you stronger" stemme til dei grader.

4 kommentarer:

  1. bestelillesøsteriverda10. februar 2011 kl. 17:17

    teite vertsforeldre du hadde, men er vel godt du ikkje bur der lenger. håpa alt er bra no<3

    SvarSlett
  2. Har vore opprivande dagar både for deg og oss her heima. Kan ikkje bli verre enn da va! Gledar meg til å få høyra om den nye familien. Kan ikkje heilt komma over kor lite vakse x-vertsfamilien har oppført seg.

    SvarSlett
  3. Ingvild som er ufatteleg glad i deg :*13. februar 2011 kl. 16:34

    Du er sterk Hanne <3 <3

    SvarSlett