fredag 3. september 2010

likes and dislikes

merkelig kor fort ein lagar seg meiningar om ulike ting når ein kjem til nye plassar. sidan skulen ikkje startar før i neste veke, skjer det ikkje så altfor masse rundt her, noko som resulterar i at eg blir relativt lat, hahha. veret her er dødsfint i tillegg, så føler meg ti gangar skuldigare for å ikkje vere ute i sola heile tida. gledar meg til ting går litt fortare her, og ein kjem inn i rutinene.

merka med ein gang at britisk mat ikkje er heilt mi greie. den er så feeeeit! alt er fried, og alt er søtt. heldigvis har vi frukt og yoghurt og sånt i huset. og forresten, det er så godt som ingen blonde folk her! heilt merkelig. tenke ikkje så masse over at eg mangla fjell og fjordar på alle kantar, men blonde folk derimot! ikkje ein gang gutane her, what a shaaaame.

nesten morsomt kor forskjellige nordmenn og britar er. nordmenn blir så frekke og inneslutta i forhold, haha. og dei snakkar forresten skikkelig kult her, gledar meg til å få skikkeli akksent. merkar allerede at det begynne å komme!

sidan det skjer så lite her er eg enno ganske oppdatert på livet heime. ikkje så veldig bra kanskje, men eg er ikkje bekymra. får sikkert nok å ta meg til etterkvart som vekene flyg. uansett, går glipp av ein herlig og harry fyllafest heime, men la gå. dei er like kvar gang. satsar på oppdateringar frå fleire kantar imorgon, reknar med det skjer litt av kvart der ute, heehe. trur rett og slett eg skal stikke ut og jogge medan eg flire over alt som har skjedd - og det som sikkert vil skje der ute ikveld. dauaa.

bilde fra ein random fest i vår. have fun tonight, babes!


2 kommentarer:

  1. hahahahahaha, ja berre SO GODT SOM ingen blonde der, dei har jo deg :D

    SvarSlett
  2. da kom jaggu fra rette munnen, lyslugg!;) hahaha

    SvarSlett