torsdag 9. september 2010

schooltalk

den tre månadar lange sommarferien min for 2010 er tilslutt over! eg er ferdig med min andre dag på the duston school, og fysøren så det merkast. igår var eg heilt totalvrak, og følte berre for å legge meg etter skulen. så masse nye inntrykk, folk og fag. hahaa, trur eg var litt av eit syn i biologi-timen. det er jammen lenge sida eg har følt meg så bortkommen! første gang eg har faget, og det er på engelsk i tillegg. great. men det funka, og eg overlevde. ingen tvil om at det her året blir hardt, merka det fra første minutt, og då tulla eg ikkje.

skuledagen idag var mykje betre, og eg er relativt oppegåande no etter skulen i motsetnad til igår, haha. skulen er konstruert som ein diger sirkel med uteområde i midten. ganske greit sida det i teorien er umogelig å gå seg vill når ein berre går rundt i ring. folk er skikkelig åpne og greie, og lærarane eg har hatt sålangt virkar meir engasjert enn norske. idag hadde eg til dømes dobbeltime psykologi. det var supert! læraren er kjempekul, og vi er berre ei lita gruppe elevar. morsomt å lære om kvifor vi menneske gjer det vi gjer i alle mulige situasjonar, hohoo. visste du til dømes at du hevar augebryna ubevisst når du møter folk i forbifarten som du kjenner men som du ikkje har interesse av å stoppe og snakke med? vi måtte gå rundt på skulen og teste det, eg og nanna kunne ikkje anna enn å flire. det stemmer alt for bra.

skulen her er forresten ganske moderne av seg. kvar dag når vi kjem inn må vi sjekke inn ved fingeravtrykk, og det samme gjeld når vi går for dagen. samme systemet i kantina, vi betalar ikkje der og då. smart! fann ut det var smart å fortelle om skulen idag og ikkje imorgon, sidan humøret mitt då sikkert er ti gangar verre iogmed at einaste eg har på timeplanen for imorgon er TRIPPLE MATHS. oh joy.

timeplanen min, for spesielt interesserte. haaha.

11 kommentarer:

  1. oii!! høyres hardt og kjekt ut!!!

    haha, kanskje du blir ferdig utdanna psykolog når du kjem heim? =)

    så bra at faga verkar kjekke då i det minste=)

    gledar meg til å lesa meir!!! :D

    SvarSlett
  2. masse matte og biologi jaa:S kanskje det, hoho:) bra!

    SvarSlett
  3. :)))))



    :( - helsing brosjan

    SvarSlett
  4. Hehe, merka det eg og. Ditta blir et tongt år!

    SvarSlett
  5. Ææh, fingeravtrykk, så sykt kult! :)

    SvarSlett
  6. Ååh, eg og vil ha psykologi!

    SvarSlett
  7. ska gje deg eit lynkurs med alt du treng vete på mokurs. hehehee

    SvarSlett
  8. Skulle aldri ha lest ditta! No helde eg på å bryte saman i latter kvar gang møte på noken i gangen på skulen! xD Haha :D

    Høyrest ut som d er kjekt i England! :D Hugs, det er eit år i England, men mange, mange år i norge in da future, so nyt livet der!:D

    SvarSlett
  9. hahaha seriøst?! DØDSBRA :D heilt sjukt kor ein tenkte på det når ein først veit om det!

    jepp, det skal eg tenke på, takk for oppkvikkaren! :D

    SvarSlett
  10. Hallo???!!! Meir engasjerte lærarar i England enn i Noreg? Berre vent, ditta skal eg fortelle til Markvard also!:)

    SvarSlett
  11. med unntak då! einaste som vagt nærma seg kent-gunnar style e den mannlege psykologi-læraren min med langt hår i hestehale, bart, sverd/poselensdokke-samling, fortid i extreme ironing og som bur i ei husvogn på eit jorde og litt sånn.. consider yourself undefeated!

    SvarSlett